Student smitta av meningokokkar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Sjukdomsteikn ved Meningokokkar:

  • Sterk sjukdomsfølelse / nedsett allmenntilstand i kombinasjon med øvre luftvegssymptom
  • Frysningar, kvalme og oppkast
  • Stivhet i nakke eller rygg
  • Små blødningar i huda i form av utslett


Meningokokksjukdom blir overført ved dråpesmitte, og det kan ta veker før sjukdomen bryt ut. Gode råd for å unngå dråpesmitte vil være å ikkje dele glas, flasker eller sigarettar. Lite søvn og mye alkohol er tilleggsfaktorar som gjør at immunforsvaret svekkast og ein er meir mottakelig for sjukdom. Det fins ikkje vaksine mot sjukdomen, men det er gode behandlingsmogelegheiter dersom behandling kjem i gang på eit tidleg tidspunkt. Det går bra med studenten som er smitta og klassen blir spesielt informert.


Les meir om Meningokokk i Folkehelsa si brosjyre.

Dersom du opplever desse symptoma kontakt helsesøster på telefon 70 05 88 20 eller legevakta på telefon 70 05 89 00.

Del på