Tar intimkonserten til nye høgder

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

e961401a7485662bc63696b432a510a5
Anders Horvei (f.v.), Malene Nordnes og Pål Anders Vollan er snart klar for å gi publikum ein konsert litt utanom det vanlege.

Du har kanskje vore på intimkonsert før, men høgst sannsynleg har du aldri opplevd det du kan få vere vitne til i Konsertsalen ved Høgskulen i Volda onsdag 9. mars klokka 19.00. Då vil du som publikummar kunne sitje på scena omkransa av rundt 25 musikkstudentar som dannar ein sirkel rundt deg. Med 40 publikumsplassar vil dette garantert bli intimt.

– Publikum vil få ei unik oppleving og eit heilt anna lydbilete enn det dei er vand med. Når vi musikarane dannar ein sirkel vil publikumarane få lyd som kjem bak seg, frå sida og framanfrå – det vil verte ein spennande konsert på ein ny måte, spår Malene Nordnes.

Breitt reportoar

Ho er ein av musikkstudentane frå fyrste- og andre årssteg ved bachelorutdanninga som står bak konserten. Den er ein del av høgskulens nye satsing på meir samspel i undervisninga for studentane. Semesteret er delt inn i tre bolkar, der dei no skal framføre arbeidet med den andre bolken som ein konsert. Temaet er improvisasjon og konserten spinnar rundt den norske folkemelodien Såg du noko til kjerringa mi?.

Studentane er delt inn i seks grupper, som på kvar sin måte skal tolke melodien og framføre den i ulike sjangrar. Då vil ein få høyre klassiske tonar, etnisk musikk, rock, moderne musikk, latin og jazz.

– Vi har ein felles byggjestein som vi skapar eigne vinklingar ut i frå. Det blir på ein måte seks forskjellige kapittel ut frå heile historia. Men mot slutten av konserten vil ein få oppleve at gruppene spelar i lag og dannar noko heilt spesielt, fortel Anders Horvei og Pål Anders Vollan, som dannar gruppe ilag med Malene Nordnes.

Det vil kanskje høyrest litt brutalt ut at musikarane nesten sit opp på publikum, men studentane forsikrar om at det skal verte ei behageleg oppleving.

– Det verte ein akustisk konsert med minst mogleg bruk av høgtalarar.

Jobbar på ein annan måte

No legg dei ned mange timar med øving fram mot onsdag, ein lærerik prosess i seg sjølv og spesielt når improvisasjon står på planen. Musikkprofessor Magnar Åm og førsteamanuensis Stein Helge Solstad står bak den andre bolken i samspelprosjektet musikkseksjonen ved høgskulen har satt i gang.

– Det er mykje å gjere før konserten, men det er også interessant å tenkje på denne måten. I staden for å gå rett fram med vers og refreng jobbar ein på ein annan måte med improvisasjon, som er veldig lærerikt. Konserten vert prega av improvisasjon. Det som skjer den kvelden kjem aldri til å skje igjen. Det er eit eingongstilfelle som vi håper folk vil ta del i, lokkar studentane.

pressefoto

Anders Horvei, Malene Nordnes og Pål Anders Vollan

Del på