Teaterfestival!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I veka før påske tar til byr vi publikum på ikkje mindre enn 11 bachelorframsyningar, der 15 tredjeklassestudentar og mange andre- og førsteklassestudentar på bachelor i Drama og teater er involvert. Ut frå ei problemstilling har studentane jobba seg fram til eit kunstnarleg uttrykk som utforskar problemstillinga deira. Nokre har spørjeundersøkingar i ettertid knytt til framsyningane sine, andre nyttar intervju, og dei setter stor pris på om enkelte i publikum vil vere med på desse.

Velkomen!

5bed33226039cca58803f1d3086fc8cc

MANDAG 23.3.

10:30  Den verste prinsessen, Silje B. Godal i Teatersalen (adaptasjon av The worst princess  av Anna Kemp). 
- ei utforsking av fordommar og oppfatningar av prinsesserollen i barnehagen gjennom dramapedagogikk og skuggeteater.

12:00 Tre menn i en flaske, Ole E. Omenås, Ingvald Våga og Eirik R. Sivesind
- ei utforsking av skodespelteknikk i arbeid med roller som er synshemma.

15:00 Jenta, mammaen og søppla, Julie C. Valla i Teatersalen (Flickan, mamman och soporna av Suzanne Osten).
- ei utforsking av korleis teater kan skape ei større forståing og openheit omkring psykisk sykdom.

NB! FORESTILLINGEN SPILLES OGSÅ ONSDAG 25.3. KLOKKEN 20:00!

20:00  En VrangForestilling, Erle N. Slagsvold & Håvard S. Hestetun (eige manus).
- ei utforsking av korleis teater kan utfordre publikum sine fordommar om galskap, sanning og kva som er ekte.

NB! FORESTILLINGEN SPILLES OGSÅ TYSDAG 24.3 KLOKKEN 20:00!

13dbe2c0d933f510a56009a8484eff5b

TYSDAG 24.3.

14:00 Ett skritt frem og to tilbake, Mathilde S. Henriksen & Rochard von Løwensprung (adaptasjon av Kaninkjærleik av Ulf Nilsson). 
- ei utforsking av adaptasjon, regigrep, og musikkbruk i teater for barn.

16:00 Monolog, Martin Trondsen (utdrag frå Peer Gynt, Revisoren og Rabarbers).
- ei utforsking av kvifor vi lyg og korleis vi gjer det. 

18:00 En slags hyllest, Anette Finnanger (av Benjamin Schostakowski). 
- ei utforsking av publikum sine reaksjonar på bruk av tubu-tematikk i komisk teater.

NB! SPILLES OGSÅ LAURDAG 21.MARS KLOKKEN 18:00

ONSDAG 25.3

14:00  Drama og retorikk i næringslivet, Kristian Glomnes. 
- ei utforsking av korleis teknikkar frå drama og retorikk kan nyttast i arbeid med sal og presentasjon. Ei workshop.

18:00 Peripeti, Vilde Sævik i Teatersalen (eige manus). 
- ei utforsking av korleis metafiksjon verkar på publikum si oppfatning av fiksjon og sanning i ei framsyning. 

fd33a666c4a4e250c07d6c1c129dd34b

ONSDAG 8.4

15:00 36 dramatiske situasjoner, Christian P. A. Alhaug i Teatersalen (adaptasjon av The Thirty-six Dramatic Situationes av Georges Polti)
- ei utforsking av dei utfordringane ein møter i arbeid med å adaptere eit ikkje narrativt verk til ei narrative form.

17:00 NAV – the musikal, Kent A. Sæterøy i Dramasalen (eige manus og musikk)
- ei utforsking av korleis publikum vil oppfatte eit viktig bodskap i ein humoristisk form.

For meir informasjon kontakt høgskulelektor i drama/teater Vibeke Preus Bech, eller besøk Drama og teater på Facebook.

Del på