Inspera

Høgskulen i Volda gjennomfører eksamen digitalt. 
Vi nyttar Inspera Assessment som digital eksamensløysing.

Interne loggar på med din Feide brukarkonto og er du ekstern sensor  kan du logge på med ID-Porten.

Viss side for innlogging går til den institusjonen du er tilsett ved, så må du opne ei inkognitofane i nettlesaren og legge inn innloggingsadressa for Høgskulen i Volda der.

Før eksamen

Eksamensplan vert publisert i foregåande semester.
Sensorkommisjonar for påfølgjande eksamensgjennomføring må vere  klar til fastsett frist Gjeld også sensorkommisjon for klage. Fristane finn de i Studieadministrativ årskalendar.

Faglærar - emneansvarleg

Rolla "forfattar" i Inspera gir tilgang til opprette og redigere oppgåver og oppgåvesett til eksamen.

Det er viktig at faglærar/emneansvarleg opprettar eksamensoppgåva sjølv i Inspera, då de har ansvar for kvalitetssikringa av oppgåveteksta. Det gir betre oversikt og ein kan svare spørsmål frå studentar som tek eksamen i ditt fag/emne som gjeld digital gjennomføring. Det er viktig for at studentane skal ha ei trygg og forutsigbar eksamensgjennomføring.

Studiekonsulentar er tilgjengeleg og kan svare på spørsmål du har vedkomande oppgåver og oppgåvesett i Inspera. Dei hjelper deg gjerne, så ta kontakt og gjer avtale.

Eksamensoppgåvetekst og oppgåvesett i Inspera skal vere klar ei (1) veke før eksamensstart. Då skal oppgåve/-tekst vere ferdig kvalitetssikra frå faglærar/emneansvarleg.

Hugs å ha ferdig sensorrettleiinga. Denne kan studiekonsulenten laste opp når eksamen vert sync'a frå FS til Inspera, eller du som faglæarar kan laste den opp i Inspera - i fane Vurdering når de byrjar med sensuren. 
Faglærar kan også skrive sensorrettleiing for kvar enkelt oppgåve i oppgåvesettet. Sensorrettleiing for kvar oppgåve gjev meir presis informasjon til sensor, både til ordinær kommisjon og til ein eventuell kommisjon for klage.
NB! Faglærar skal publisere sensorrettleiinga i Canvas til studentane omgåande etter at studentane har fått resultatet på eksamen.

 

Korleis lage eksamensoppgåver i Inspera

Merk: alle oppgåvesett skal lagast i begge målformer.

Ved Høgskulen i Volda nyttar vi i hovudsak følgjande oppgåvetypar i Inspera:

- Langsvarsoppgåve ved skriftleg skuleeksamen. Ved bruk av langsvaroppgåve, kan ein også nytte spesialark til handteikningar som vert importert til eksamenssvara med ein Scantron scanner.

- Fil-opplasting ved eksamensinnlevering. Nyttast ved innlevering av mappe, oppgåver og ved heimeeksamen. Oftast som Pdf-fil, men også andre fil-typar knytta til lyd, video og bilde går fint. Merk at ein kan laste opp inntil 4GB per fil.

- Ved heimeeksamen kan ein velje mellom fil-opplasting og langsvarsoppgåve, ut frå kva behov ein har.

- Multiple Choice, fleirvalgs- og fleirsvarsprøve.

- Munnleg eksamen og praktisk-/utøvande eksamenar.


Tips:
- Ved bruk av fleire oppgåver i ein og same eksamen rår vi til at de lagar oppgåvesettet heilt ferdig før du kopierer til anna målform.
- I oppgåvesett der de nyttar bilete, så bruk bilde-filer. Viktig at ein ikkje kopiere bilete frå internett, der nettadressa vert med.


Inspera rettleiingar:

- Forfattar
- Oppgåvetypar
- Opprette oppgåvesett - poenggjeving - terskelverdiar
- Lage oppgåver
- Oversetting av oppgåver og oppgåvesett
- Seksjonar og tilfeldig uttrekk og rekkjefølgje på oppgåvene
 

Scantron

Det er no høve til å bruke spesialark til handteikningar under eksamen. Arka kan scannes inn og knyttast til oppgåvesvaret. Studieadministrasjonen må ha melding på førehand dersom de vil nytte denne funksjonen ved eksamen.

Teikningane merkast med oppgåvekode. Dette gjer studenten/-ane sjølv, då dei les koda i Insperasystemet på si datamaskin. Arka samlast i eit omslagsark, og merkast med kandidatnummer.

Eksamensvaktene samlar inn og kontrollerer dei koda spesialarka når kandidaten er ferdig med eksamen. Studieadministrasjonen har etterarbeidet med sjølve scanninga.

Arka kan nyttast blanke, eller ein kan på førehand kopiere tekst eller bilete over på arka.



 

Sensor

Merk: eksterne sensorar må ha returnert kontrakt om sensur for at ein skal ha tilgang til Inspera og sensurere der.

I Inspera får du oversikt over eksamenane du skal sensurere og registrere sensur for. Eksamen i Inspera vert omtala som "prøver".

Om du vil trykke eksamenssvara på papir, så kan du no trykkje ut alle eksamenssvara i din kommisjon samla i ei (1) fil. Der er automatisk oppretta framside på alle eksamensvar og denne er knytta til sjølve svaret.

Vil du sjekke tal på ord, så må du laste ned kvart enkelt svar; - opne i Foxit Reader, sjå på View og Word Count. Merk at alle ord vert med, også dei som står på den automatiske framsida.

Inspera rettleiingar:
- Sensurere kandidatar
- Kommentere i eksamenssvaret - Kommentarar er ikkje automatisk synleg for kandidatane etter karaktersetting.
- Godkjenne di vurdering
Fullfør felles vurdering
- Godkjenn felles vurdering

Når alle sensorar har godkjent felles vurdering, sendast automatisk melding til administrativ ansvarleg i studieadministrasjonen om dette. Studiekonsulenten vil då tilbakeføre karakterar frå Inspera til FS.

Ouriginal - plagiatkontroll

Høgskulen i Volda nyttar plagiat kontroll ved alle innleverte eksamensgjennomføringar. Sensor finn rapporten når ein opnar oppgåvesvaret i Inspera, Vurdering og fane Plagiatkontroll.

Har ein behov for å bestille plagiatrapport i Ouriginal, så må ein logge på med Feide. Har du ikkje registrert deg med konto i Urkund, så start med gjere følgjande:
- Gå til Ouriginal.com og trykk på Login
- Trykk på Web app til venstre i bildet
- Velg organisasjon i Single sign-on innlogging på høyre side på skjermen og trykk på Logg inn med Single sign-on. No har du ordna med Feide pålogg til Ouriginal. 
- Logg ut av Ouriginal
- Gå tilbake til Inspera eller Canvas, alt etter som kor du har behov for å bruke eller lese Urkund plagiatkontroll til studentarbeid.

Om du vil dele rapporten med ein medsensor, gjer følgjande: Stå i Analyseoversikta, trykk på Profil i høyre hjørne på skjermen og velg Del analyserapport - tast inn e-post adresse til den du skal dele til og SEND.
 

An introduction to the new Urkund Analysis, (ca. 7 min.)

Her er tips og råd til studentar (på engelsk): Plagiarism handbook  
 

Etter eksamen - grunngjeving og klage

Grunngjeving og klage
Eksamenskandidatar får automatisk elektronisk melding når sensur er registrert. Studentane må be om grunngjeving elektronisk i studentweb innan ei (1) veke etter at sensuren er publisert. Sensor kan velje og gje grunngjeving munnleg eller skriftleg.
Sensor skal gje skriftleg grunngjeving i Inspera ved å skrive grunngjevinga i eige tekstfelt. Ein kan óg leggje til eigne private notat som er lagra i vurderingsprosessen. Grunngjevinga vert ikkje delt før ein trykker på Send til kandidat. Det er høve til å sende grunngjeving så snart prøva er ferdig vurdert - at alle sensorar har stadfesta felles vurdering.

Ei grunngjeving kan redigerast av alle sensorane i ein kommisjon og er ikkje privat. Ved oppretting av grunngjeving og ved redigering vil sensoren sitt namn/tidspunkt vere synleg for alle sensorane.

Merk:

  • Når du sender grunngjevinga så er det på vegne av alle sensorane.
  • Grunngjeving kan berre sendast ein (1) gong
  • Når grunngjevinga er sendt, kan den ikkje trekkast tilbake, verte redigert eller sletta

Grunngjevingar, kommentarar og private notat i Inspera, vil vere lagra i lag med eksamenssvaret i 2 år.

Klage på karakter følgjer Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) og Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), kapittel 5. Klage.
Klagefristen er 3 veker frå kandidaten har fått publisert resultatet, eventuelt 3 veker etter at han/ho mottok grunngjeving. 
Ved ny sensurering etter UHL, §§ 5-2 og 5-3 skal det vere minst to nye sensorer, der minst ein (1) ekstern. Endring kan gjerast både til gunst og ugunst for klagar. Dersom endeleg karakter er fastsett på grunnlag av både skriftleg og munnleg prøve og karakteren vert endra  etter ny sensur av skriftleg del av eksamenen, må det gjennomførast ny munnleg prøve til fastsetting av endeleg karakter.

 

 

Opplæring og bruk av Inspera

Alt du treng vite om Inspera finn du i Inspera hjelp og opplæring. Instruks og rettleiingar i Inspera er illustrert med bilder, og gode trinnvegs forklaringar. Når du er logga på Inspera, så finn du Inspera hjelp og opplæring ved å trykke på tannhjulet i høgre hjørne på skjermen.

Ta kontakt med din studiekonsulent i studieadministrasjonen eller meld frå til eksamenskoordinator Hilde Elvestad om du ønskjer opplæring i bruk av Inspera og få ein avtale som høver i arbeidskvardagen. Gå gjerne saman fleire frå eit institutt eller seksjon.

 

Løn og honorar til ekstern sensor

Lønn og honorar skal registrerast elektronisk om du er ekstern sensor eller gjesteforelesar.

Meir informasjon finn du her