Sentrale under samling for helseleiarar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Dei skulle vere med å inspirere, dosent Alf Roger Djupvik og professor Roar Stokken, då helseleiarar i Møre og Romsdal var samla til seminar.

Samarbeid- og utviklingsarenaen for helseleiarar (SUHEL) i Møre og Romsdal gjennomførte det årlege inspirasjonsseminaret sitt på Høgskolen i Molde 23. november. Her hadde dosent Alf Roger Djupvik og professor Roar Stokken frå Høgskulen i Volda dei to akademiske innlegga. I tillegg var det innlegg frå helseføretak og kommunehelsetenesta. 

Både Djupvik og Stokken sine innlegg var knytt til boka «Helseledelse – om utfordringer og lederroller i endring».

Må vere «balansekunstnar» og meir

Som innleiing til Djupvik og Stokken sine innlegg fortalde professor Ralf Kirchhoff om boka som kjem i februar. Kirchhoff er redaktør for boka saman med førsteamanuensis Erlend Vik og professor Atle Ødegård. Det var tydeleg at Kirchhoff var glad for at studiet i helseleiing (LIHS), som er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, NTNU Ålesund og Høgskolen i Molde, har fått «si eiga bok». Han var også glad for den verdien ei eit slikt bokprosjekt fører med seg av fagleg utvikling og nettverksbygging. 

Stokken sitt innlegg var basert på kapitelet «Fjern ledelse, god ledelse?» som han har skrive saman med førsteamanuensis Frode Heldal ved NTNU Handelshøyskolen og dei to tidlegare masterstudentane Janne Rong Haga og Henriette Holstad Urke. 

– Eg la vekt på at forskinga vår viser at det å fjernleie ei lita eining på sida av den store eininga ein jobbar på til dagleg, fører til at ein må vere tre sortar leiarar. Ein «balansekunstnar» som handterer skilnaden i storleik mellom to svært ulike einingar, ein stadleg leiar der ein skaper seg tillit gjennom fagleg arbeid, og ein fjernleiar som leier gjennom relasjon, tillit og autonomi, fortel Stokken. 

Alf Roger Djupvik, dosent ved Høgskulen i Volda
Alf Roger Djupvik, dosent ved Høgskulen i Volda

Kopla store namn 

Djupvik sitt innlegg var basert på kapittelet «Profesjonsbyråkrati, styringsparadigmer og lederroller i endring».

Dette har han skrive saman med Kirchhoff og professor Turid Aarseth. I kapitelet skildrar forfattarane fundamentet for LIHS-utdanninga. I innlegget fortalde Djupvik om viktige koplingar leiingsteoretiske kjelder som til dømes Torodd Strand, Henry Mintzberg og Kjell Arne Røvik. Hand drog også trådar tilbake til Karl Evang og Margaret Thatcher. 
 

Del på