Bygdepride 2024

Program
2024-05-04T00:00:00 - 2024-05-11T00:00:00

Programmet til Bygdepride 2024 er så godt som klart. Det vert parade, dragshow, skeiv kjærleik (studentarrangement), forteljingar, regnbogemesse og ungdomskveld.

I år vert Bygdepride halde i Ørsta og Volda frå 4. til og med 11. mai. Laurdag 11. mai vert avslutningsdagen med parade gjennom Volda-gatene. Dei siste åra har fleire tusen menneske teke del i og følgt paraden.

Skeiv kjærleik

Er du student og opptatt av kjærleik i alle former og fargar? Bli med på ein hyggeleg middag og samtale saman med ei mindre gruppe medstudentar onsdag 8.mai kl.1600-1800.

Meir informasjon

Del på