Bustadgaranti i Volda før 1. mai

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Skal du studere i Volda til hausten og treng ein stad å bu? Søker du studentbustad innan 1. mai garanterer Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) at du får ein bustad! Og ikkje nok med det, du får den til 2023-pris!

Kanskje er du på jakt etter hybel? Eiga leiligheit? Bu saman med andre i kollektiv? SiVolda har stor variasjon i studentbustadane sine. Tenk å gå på besøk til venner i berre sokkelesten!

Bustadane er fordelt i forskjellige småhus, blokker og einebustader. Alle med kort avstand til høgskulen i Volda og sentrum.

Hybelgaranti

Søkjer du om studentbustad innan 1. mai garanterer SiVolda at du får ein stad å bu. Du er ikkje garantert akkurat det du søkjer om, men er sikra ein plass å bu. Dei tildeler sjølvsagt ein av dei bustadane du har søkt om, dersom dei er tilgjengelege. Søke etter 1. mai? Ingen problem! Men då gjeld vanlege tildelingskriterium.

Andre fordelar ved å bu hos SiVolda? Ingen depositum, gratis internett, det er sosialt, du kan bu saman med venner, det er enkelt å flytte internt om du ikkje fekk bustaden du ville ha, parkering, ordna former med kontrakt, og vaktmeisterteneste.

Studentbolig til 2023-pris

Styret i SiVolda har vedteke at dei ikkje skal auke bustadprisane i 2024. Det betyr at du kan bu i studentbustad til august 2025 for 2023-pris. SiVolda har over 600 bustadar til leige med prisar frå 3700,- pr. månad, inkludert straum og internett.

– Vi gjer dette for å kome studentane i møte i ei tid med svært pressa studentøkonomi, seier styreleiar Sindre Rabben Tronstad. Levekostnadane har auka. Ikkje minst kostnadene til mat og andre nødvendige varer. Difor er eg svært glad for at vi kan halde prisane uendra.

Del på