Eksamensoppgåver vert grunnlag for planprosessar

Tekst: Vilde Moltudal Igland , Foto: Roar Stokken

- Oppdatert

Torsdag 17. august møtte Rauma og Vestnes kommunar over 100 studentar for å fortelje dei litt om kommunane sine. Grunnen er eit samarbeid mellom desse to kommunane og høgskulen, der studentane i andre året på sosionom- og barnevernspedagog-utdanningane er heilt sentrale. Eksamensoppgåvene deira vert nemleg grunnlag for planprosessar i desse to kommunane.

Skal skape plandokument for heilskaplege og samanhengande tenester

Både Vestnes og Rauma kommunar ønskjer at brukarar med samansette behov skal få betre tenester. Dei har difor søkt Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis om støtte til eit samarbeid med Høgskulen i Volda. Målet for begge kommunane er å skape plandokument som skal gjere situasjonen betre for dei som treng heilskaplege og samanhengande tenester. Samarbeidsparten ved høgskulen er Institutt for sosialfag.

Ein vinn-vinn situasjon for både kommunane og høgskulen

Roar Stokken, Professor ved Institutt for sosialfag

Over hundre studentar skal jobbe med å kartlegge situasjonen i kommunane. Det gjer dei som del av emnet «Vitskapsteori, metode og prosjektarbeid». Roar Stokken, som er både emneansvarleg og prosjektleiar for begge prosjekta, fortel at dette er ein vinn-vinn situasjon for både kommunane og høgskulen. Kommunane får ei grundig undersøking av situasjonen i kommunane, og studentane får både eit godt case og dei får vere med å påverke samfunnsutviklinga.

Utanfrå-blikket vil gi rom for gode diskusjonar

Aina Henden er skulesjef i Rauma kommune. Ho håpar og trur at dei omlag femti intervjua som vert gjort i kommunen ikkje berre gir kunnskap hos studentane og gode rapportar, men at dei og skaper nye tankar og refleksjonar hos dei tilsette. Knut Øyvind Hoem, som er skulesjef i Vestnes, legg til at utanfrå-blikket som studentane får på tilhøva vil gi rom for gode diskusjonar mellom dei tilsette, og dermed også utvikling av tenestene.

Del på