Forsking ved avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning

Det er eit mål ved avdelinga at flest mogleg av dei vitskapleg tilsette skal vere medlemmer av ei forskingsgruppe. Det er også eit ønske at mastergradstudentar tek del. I gruppene samarbeider deltakarane om å utvikle forskingsprosjekt, dei drøfter utkast til forskingspublikasjonar og presentasjonar på konferansar og dei kan arrangere seminar. Gjennom slik aktivitet vil forskingsgruppene vere eit tiltak som aukar forskingsaktiviteten ved avdelinga, noko som er eit mål.