Får blomstre musikalsk i Volda

Tekst: Live-Susann Brautaset Myklebust

Linn Jeanette Tennebekk (21) hadde aldri trudd ho skulle dirigere eit kor på rundt 40 personar. Men studentlivet ved Høgskulen i Volda (HVO) har gitt bergensaren uventa moglegheiter.

Linn Jeanette har snart studert seg til ein bachelorgrad i musikk på Høgskulen i Volda. Seinare vil ho ta Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) slik at ho kan arbeide som songpedagog. Eigentleg var planen å studere ein annan stad enn Volda, men søknadsfristen der var ute.

–  Eg visste at eg uansett ville byrje på ein bachelor i musikk, så då tenkte eg at eg måtte sjekke kva Volda har å tilby. Først tenkte eg at det berre skulle vere eit år, men så treivst eg så godt her at eitt år plutseleg blei til tre. Så eg vil seie at det var flaks for meg at søknadsfristen på den andre skulen gjekk ut, smiler Linn Jeanette.

Ein veldig inkluderande stad

Linn Jeanette fortel om eit studentmiljø som gjer det enkelt å trivast:

–  Det er gjennom studiet eg har blitt kjend med dei fleste, men generelt er jo Volda ein veldig fin stad. Ein føler seg velkommen her, og ein kan omtrent henge med kven som helst. Det er eit veldig inkluderande miljø her.

Musikkstudenten ser på seg sjølv som ein veldig omgjengeleg person, og noko av det ho likar aller best med Volda, er at ein her kan mingle med alle. Dette har også ført til at ho har utvikla seg mykje som menneske.

–  Eg har lært at ein berre må henge seg med, berre spørje og inkludere. Eg har ikkje berre utvikla meg som person, men også innan musikk. Så eg følar at eg berre veks her. Det hjelp nok mykje når ein er ny som student, at det er eit så inkluderande miljø, fortel Linn Jeanette med eit smil.

Starta opp kor som 20-åring

Linn Jeanette fortel at Studenthuset Rokken, ein konsertstad og møteplass for studentar i Volda, er noko ho har nytta seg mykje av, på forskjellige måtar.

– Her har eg både opptredd som soloartist og som skodespelar i revy, og ikkje minst vore dirigent i eit kor!

Linn Jeanette smiler på campus.
Det gode, kreative studentmiljøet i Volda har gjort at Linn Jeanette har utvikla seg mykje som menneske. Foto: HVO / Live-Susann Brautaset Myklebust.

Før jul i fjor var ho nemleg dirigent i eit kor som ho og tre medstudentar starta opp saman. Tanken bak koret var å skape eit lågterskeltilbod for alle musikkglade der dei ville bygge vidare på det inkluderande miljøet som er i Volda. Ein måtte ikkje vere student for å delta, og det var heller ingen auditionar – alle som likar å synge, kunne vere med.

–  Vi forventa vel rundt 20 påmelde, men på eit tidspunkt enda det opp med å vere nesten 60 påmelde! Vi hengde opp plakatar rundt omkring på HVO, og så blei vi ein god gjeng på omkring 40 personar til slutt. Det var både gutar og jenter i alle aldrar, og både studentar og nokre andre, seier Linn Jeanette.

Trass i at ho ikkje hadde noko erfaring med å vere dirigent frå før, enda ho opp med å ta også den utfordringa på strak arm.

Linn Jeanette smiler på scena.

–  Ein ting er at eg likar å synge, men å dirigere andre, det har eg ikkje gjort før. Eg hadde inga erfaring med å vere dirigent, men eg sa jo berre ja.

Dei fire studentane som tok initiativet til å starte koret, delte på å leie det. Målet blei å få til ein førjulskonsert.

–  Vi hadde seks veker på oss til å øve, og øving berre éin gong i veka. For å vere ærleg var det litt av ei utfordring å leie så mange personar. Det var vanskeleg, men eg lærte sinnssjukt mykje og hadde det veldig gøy på vegen, fortel Linn Jeanette.

Koret kontakta leiaren ved Studenthuset Rokken som var positiv til prosjektet og gav dei lov til å bruke lokalet.

–  Vi fekk ha konsert der 4. desember i fjor, og det var nærare 40 personar som stod klare på scena. Det var stappfull sal og kjempegod stemning! Koret heitte Full Klang, og det skal seiast at det var full klang i både koret og lokalet, ler Linn Jeanette.

Også aktiv som skodespelar

Som om ikkje det å starte eit kor var nok, har Linn Jeanette også vore skodespelar i den tradisjonsrike Vekerevyen under studentfestivalen VEKA i Volda.

–  Her var vi åtte skodespelarar som blei veldig nært knytte og jobba godt saman. Dette var også ei hektisk tid: Vi fekk vite i oktober om vi kom med, og så var det oppstart allereie då. Det vart mykje skriving og planlegging før førestillingane starta i februar, minnest Linn Jeanette.

Linn Jeanette påpeikar at det ofte er roleg i starten under eit slikt prosjekt, men at når det nærmar seg framsyning, blir det mange lange kveldar med øving. Ho blei sjølv sjuk undervegs i øvingsperioden, men trekkjer fram god støtte frå dei andre i gjengen som ei drivkraft til å komme seg igjennom.

–  Når ein bruker så mykje tid saman som vi gjorde, så blir ein jo veldig nære kvarandre, både skodespelarane, scenehjelpa, bandet, kosegruppa og generelt heile gjengen. Det var utruleg sosialt, noko eg elskar. Eg vil anbefale alle å delta på slike ting, oppmodar ho.

Ei erfaringsrik fritid i Volda

Linn Jeanette understrekar viktigheita av å gripe moglegheitene som dukkar opp, og fortel at ho synest det er kjekt at ein i Volda kan få ulike oppdrag. Ho påpeikar at det er enklare å få kontaktar her sidan Volda er ein liten stad.

–  Eg har verkeleg fått kjenne på at det er mange moglegheiter her i Volda. Du kan enkelt skape noko eige, eller ta initiativ til det, og så er det garantert nokon som vil vere med. Du når meir ut til folk også, sidan det ikkje er så mange her, utdjupar Linn Jeanette.

Det at tinga ho har valt å gjere på fritida her, skulle verke positivt inn på skulearbeidet, ser ho på som ein stor bonus.

Linn Jeanette Tennebekk på scena.
Linn Jeanette Tennebekk kosar seg på scena. Foto: privat.

–  Det neste store for meg no er bachelorkonserten i vår, og det blir kanskje litt enklare no når eg har så mykje både scene- og leiarerfaring eg kan ta med meg, smiler Linn Jeanette.

Det var ikkje berre flaks for Linn Jeanette at ho gløymde søknadsfristen til den andre skulen – kanskje var det også litt flaks for Volda, der studentane sjølve skaper det gode miljøet og minne for livet saman.

Del på