Kunstig Intelligens for studentar: Moglegheiter og fallgruver

KI-illustrasjonsbilde
2024-04-30T13:30:00 - 2024-04-30T15:00:00

Kan eg nytte KI-verktøy til eksamen? Kva er eigentleg lov? Og korleis kan vi nytte kunstig intelligens på ein smart og lovleg måte?

Er du nysgjerrig på korleis kunstig intelligens (KI) kan påverke studietida di? Lurer du på om du kan bruke kunstig intelligens til eksamen, eller korleis du kan nytte KI på ein smart og lovleg måte? Då er dette seminaret for deg!
Læringsverkstaden inviterer alle studentar til eit seminar 30. april kl. 13.30–15.00. Seminaret vert på BK160 Store auditorium. Vi kjem også til å strøyme seminaret på nett, slik at studentar utanfor campus også kan få det med seg.

Hovudtema for seminaret:

  • Utforske verktøy tilgjengeleg for studentar ved Høgskulen i Volda.
  • Forstå retningslinjene til Høgskulen om bruk av KI.
  • Lær korleis du kan referere til bruk av KI i akademiske arbeid.
  • Utvikle ferdigheiter for å lage gode prompts/ledetekstar.

Seminaret vil gi deg kunnskapen du treng for å navigere i dei etiske og praktiske aspekta ved bruk av KI i studia.

Vi ser fram til å sjå deg der.

Kort info:

Tema: Kunstig Intelligens for studentar: Moglegheiter og fallgruver

Dato: 30. april

Tid: 13.30–15.00

Stad: BK161 - Store auditorium

Strøyming: Zoom
 

Del på