Fekk øve på samspelet mellom presse og barnevern

Tekst: David Høyheim Skintveit

- Oppdatert

Denne veka har det årlege seminaret for barneverns- og journalistikkstudentar blitt arrangert. Både studentane, faglærarar og føredragshaldarar ser på dette som eit viktig tiltak for å skape tillit mellom fagdisiplinane.

Det tre dagar lange seminaret samlar årleg andreårsstudentar frå bachelorgradane i barnevern og journalistikk. Her får dei meir kunnskap om og forståing av kva samfunnsansvar og roller kvar fagretning har. Dette er kompetanse dei kan hauste fruktene av når dei kjem ut i arbeidslivet.

– Eg synest seminaret har vore svært lærerikt. Det har gitt oss nye perspektiv som gir moglegheit for nye refleksjonar, fortel Vera Helene Hansen, som studerer barnevernspedagogikk.  

Blanding av foredrag og gruppearbeid

Studentane har fått høyre frå faglærarar og eksterne fagpersonar om dei ulike fagdisiplinane og korleis dei både heng saman og samarbeider i praksis. I tillegg har studentane fått prøve seg på praktisk arbeid sjølve.

– Gjennom ei gruppeoppgåve fekk me som journalistar moglegheit til å intervjue barnevernsstudentar om ein case. Gjennom dette fekk me øvd oss på å intervjue barnevernsarbeiderar, og dei fekk øve seg på å «møte pressa», skildrar journalistikkstudent Emilie Væringstad.

Dyktige foredragshaldarar

Gjennom seminaret var det tre eksterne fagpersonar som gjesteforelas for studentane:

– Eg meiner det er viktig at profesjonsutøvarar som har med kvarandre å gjere, har innsikt i kvarandre sine verksemder. I dette tilfellet treng samfunnet kunnskap om barnevernet, noko journalistane kan hjelpe med, og barnevernsarbeidarar kan sjølve bidra ved å gå i dialog, fortalde dosent emeritus Jan Storø.

Les meir om Jan Storøs lærer barnevernsstudentar å takle media her.

Delte erfaringar frå arbeidslivet

Den prisløna journalisten Thomas Ergo er også einig i at seminaret har stor nytteverdi. Han har tidlegare gjennomført fleire reportasjar, som blant anna «Glassjenta», og han snakka til studentane om sine eigne erfaringar som journalist i møte med barnevernssaker.

–  Det kjem nok alltid til å ligge ei form for «konflikt» mellom barnevern og journalistikk, mykje på grunn av samfunnsansvaret journalistane har for å skrive om urett, noko som har ført til ei overvekt av negative saker i media på dette temaområde. Å bringe studentane i disse fagdisiplinane saman som her på dette seminaret, blei nok ikkje gjort på 1980-, 1990- og 2000-talet, så dette ser eg på som noko som kan gjere at det blir litt betre samspel i framtida, avsluttar Ergo.

Thomas Ergo, journalist i Stavanger Aftenblad
Den prisløna journalisten Thomas Ergo fortel om sine erfaringar i møte med barnevernssaker.

Del på