Planlegg oppstart av ny ph.d.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Arbeidsgruppa bak HVOs første eigne doktorgrad kviler ikkje på laurbæra. Etter fleire års innsats fram mot akkrediteringa av ph.d.-tilbodet «Utdanning, språk og kultur» legg dei no planar for oppstarten.

– Dette blir toppen av kransekaka, eit tilbod som vi har bygd opp sjølve frå botnen av, og som er rett i kjernen av det HVO driv med.

Vi er fluge på veggen hos ei arbeidsgruppe som har det travelt med eit viktig oppdrag. Saman legg dei no planar for oppstart av den nye ph.d.-en Utdanning, språk og kultur ved Høgskulen i Volda (HVO). Mellom anna skal ei forskrift bli klar for høyringsrunde.

Gruppeleiar og professor Per Halse fører samtalen:

– Vi må finne den gode balansen. Viktige ting må stå i forskrifta, men detaljane bør heller følgje i utfyllande retningslinjer som er enklare å endre på når det trengst.

Oppeten marsipan og oppbretta ermar

I februar kunne HVO endeleg sprette kaka og feire ein viktig milepåle for framtida: Volda sitt første eigne doktorgradsprogram, Utdanning, språk og kultur, vart godkjent av NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga).

11. mars gav Kunnskapsdepartementet HVO grønt lys for å etablere det nye utdanningstilbodet. No er det opp til høgskulen sitt eige styre å kome med det endelege klarsignalet.

For arbeidsgruppa er målet klart: Startstreken ventar i 2025. Før den tid står det att viktig arbeid med å planleggje alt som må på plass før utdanninga kan ta imot dei første stipendiatane.

Ph.d.-arbeidsgruppa ved HVO i 2022.
Ph.d.-arbeidsgruppa ved HVO i 2022. Professorane (f.v.) Søvik, Nedregotten Sørbø, Haugen, Gamlem, Okkenhaug og Halse. Foto: HVO / Karl August Swanstrøm.

Dei som bretta opp ermene så snart kakefesten var over, er den same sekstetten som har vore sentrale i det fleire år lange og omfattande førearbeidet: professorane Per HalseSiv M. GamlemMarie Nedregotten SørbøEirik SøvikTor Arne Haugen og Inger Marie Okkenhaug. Desse representerer fag ved HVO som er særleg aktuelle for den nye utdanninga.

Som prodekan for forsking ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) har Per Halse leia gruppa, då ph.d.-en er forankra i den avdelinga.

– Det har vore veldig verdifullt at vi har representert ulike fagtradisjonar i arbeidsgruppa. Mange av oss har lang erfaring med humaniora ved høgskulen, både danning generelt og lærarutdanning spesielt, og med ulike utgangspunkt og perspektiv har vi utfylt kvarandre, seier Halse.

Ph.d.-arbeidsgruppa ved HVO.
Professorane Marie Nedregotten Sørbø, Per Halse og Siv Gamlem i arbeidsgruppa. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Fleire års målretta og strategisk innsats

Førearbeidet til det nye ph.d.-programmet starta så smått hausten 2019, med humaniora og lærarutdanning som grunnmur.

Ei større arbeidsgruppe med representantar for alle avdelingane ved HVO, leia av Per Halse, fekk i oppdrag frå høgskulestyret å lage ein foreløpig rapport om korleis ph.d.-en kunne sjå ut, til styreseminaret hausten 2020.

Deretter fekk dei seks ovannemnde professorane i januar 2021 ansvaret for det vidare arbeidet og utforminga av søknaden til NOKUT, med brei involvering av heile høgskulemiljøet.

– Involveringa omfatta både seminar, innspelsrunde i heile organisasjonen og behandling i fleire utval og styremøte, utdjupar Halse.

 I august 2023 kom NOKUT på institusjonsbesøk i Volda, og rett før jul kom det positive signal, før godkjenninga altså var endeleg i februar 2024.

No jobbar arbeidsgruppa med alt frå å justere studieplan, forskrift og retningslinjer etter NOKUTs innspel til å fordele konkretiserande arbeid med pensum og kursplanar.

– Dette inngår i førebuinga til at høgskulestyret skal handsame ph.d.-saka no i mai, men arbeidet med praktiske og formelle detaljar vil halde fram både fagleg og administrativt i ulike grupper og organ framover både våren og hausten, seier Halse.

Arbeidsgruppa for ny ph.d. ved HVO i 2024.
Arbeidsgruppa i 2024. F.v.: professorane Gamlem, Halse, Haugen, Okkenhaug og Nedregotten Sørbø. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Ein høgskule i miniatyr

Sjølv om siste etappe i førebuinga nærmar seg, er Halse klar på at vegen dit ikkje har vore berre berre.

– Vi trudde først vi kunne nå søknadsfristen for ny ph.d. i 2021, men såg raskt at det var urealistisk.

Ei sentral utfordring har vore å få ein tverrfagleg heilskap til å hengje godt og solid saman, med utgangspunkt i ulike fagtradisjonar og ønske.

– Arbeidsgruppa vart som ein «høgskule i miniatyr» med kombinasjon av ulike interesser og nødvendig realisme. Vi fann raskt ut at her kunne ikkje enkelte ri veldig spesielle kjepphestar: Skulle vi få til dette, så måtte vi samarbeide.

Profilen til den nye ph.d.-en fekk etter kvart tydelegare retning ved å byggje på allereie tverrfaglege mastergradar ved HVO, som Skriftkulturar, Kulturmøte og lærarutdanning. Slik vann også til slutt namnet «Utdanning, språk og kultur» fram blant ulike alternativ.

– I den positive rapporten frå NOKUT såg vi tydeleg at dei hadde skjønt, spesielt etter å ha vore her og snakka med oss, at vi verkeleg jobbar tett i lag og på tvers av fag og utdanningar ved HVO. Nettopp dette har vore – og vert – heilt avgjerande for ph.d.-programmet.

Halse legg ikkje skjul på at eit slikt samarbeidsprosjekt kunne ha enda sine dagar i ei skrivebordsskuffe om frontane hadde blitt steile.

– Eg trur vi fekk dette til mykje fordi heile arbeidsgruppa – til liks med kollegaene våre – er veldig glade i Høgskulen i Volda: Vi brenn for fagfelta våre og for ei framtid på det nivået som vi meiner HVO høyrer heime på, understrekar Halse.

Ph.d.-arbeidsgruppa ved HVO.
Professorane Tor Arne Haugen og Inger Marie Okkenhaug i arbeidsgruppa. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Etterspørsel eksternt, vitamininnsprøyting internt

Sjølv om ingen kan bli stipendiat i programmet slett enno, ser det lovande ut for rekrutteringa til den nye doktorgraden.

– Mange eksisterande stipendiatar seier dei hadde sett stor pris på å kunne ta ph.d. i eit fagmiljø her i staden for å måtte bruke mykje tid og pengar på å reise andre stader og ha rettleiaren sin langt borte, seier Halse.

Det kom også raskt signal om etterspørsel frå eksterne idet akkrediteringa vart kjend.

– Fagfolk hos oss har allereie blitt kontakta både frå andre skandinaviske land og av tidlegare masterstudentar som har sagt seg veldig interesserte i å kome inn på dette programmet.

Dette kan bli ei vitamininnsprøyting for HVO, med andre ord?

– Absolutt, for heile fagmiljøet. Det å få rettleie på ph.d.-nivået hjelper også dei som jobbar fram mot opprykk til professor, poengterer Halse, som i tillegg dreg fram ein særs vesentleg «biverknad»: HVO får no utvida fullmakter til sjølv å kunne opprette og justere eigne utdanningstilbod også på masternivå etter behova i samfunnet – enklare og meir fleksibelt enn før.

Kva betydning får den nye ph.d.-en for regionen?

– Nordvestlandet er blant områda i Noreg med lågast utdanningsnivå, og i arbeidet undervegs har vi hatt godt kontakt særleg med offentleg sektor. Vi trur ph.d.-en kan vere aktuell for fleire i arbeidslivet her, til dømes gjennom ordninga for offentleg ph.d., avsluttar Halse.

HVO planleggjer oppstart av ny ph.d. Arbeidsgruppe og forskingssjef 2024.
Arbeidsgruppa for ny ph.d. og HVO-forskingssjef Henriette Hafsaas (nr. 2 f.v.).  Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Del på