Prøveforelesing 1: Trudi Henrydotter Eikrem disputerer ved NTNU

2024-04-25T17:00:00 - 2024-04-25T18:00:00

Fredag 26. april disputerer Trudi Henrydotter Eikrem for graden doctor philosophiae (dr.philos.) ved NTNU Dragvoll i Trondheim. Første prøveforelesing finn stad torsdag 25. april.

Trudi Henrydotter Eikrem er førstelektor ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag på Høgskulen i Volda.

Doktoravhandlinga hennar har følgjande tittel: Frå mat til merkevare. Christian Johnsens klippfiskhandel i perioden kring 1850–1890.

Doktoranden har to prøveforelesingar. Den første prøveforelesinga, over eit oppgitt emne, finn stad torsdag 25. april 2024 kl. 17.00. Den andre prøveforelesinga, over eit sjølvvalt emne, finn stad fredag 26. april kl. 10.15.

Sjølve disputasen skjer fredag 26. april kl. 12.15. Både prøveforelesingane og disputasen blir gjennomførte i auditorium D6 ved NTNU Dragvoll.

Det blir mogleg å følgje arrangementet via videostrøyming (Zoom) med desse lenkjene: torsdag og fredag.

Del på