Kulturperspektiv

Strategisk høgskuleprosjekt: Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder

Noregs forskingsråd tildelte i mai 2007 Høgskulen i Volda 6 mill. kr dette prosjektet. Heile prosjektsøknaden frå februar 2007 i pdf-format.
 

Samandrag (frå prosjektsøknaden):

Prosjektet fokuserer på ei etablert førestilling: at det i perioden ca. 1660–1870 fanst ei enkel kulturell todeling i det norske samfunnet – ein elitekultur (der embetsmannsgruppa dominerte) og ein folkekultur (der bondegruppa dominerte). Prosjektet vårt set spørsmålsteikn ved eit slikt essensialistisk syn, eller vil i det minste nyansere denne todelinga. For det første var både elitesjiktet og bondesjiktet langt meir mangfaldige enn denne tokulturlæra tilseier. Dei var også gjennomskorne av vertikale band (patron-klient-band). For det andre er det vår hypotese at det fanst vesentlege regionale kulturskilnader, og dermed også skilnader i korleis kulturmøta arta seg. Prosjektet vil difor ha eit regionalt fokus. Teoriar og typologiar kring disiplinering, samfunnsorganisering og, ikkje minst, patron-klientrelasjonar vil vere viktige reiskapar under tilnærminga.

Prosjektet vil bli gjennomført som tre integrerte delprosjekt:
1. Embetsmenns og bønders orienteringsverd, eigenoppfatning og kulturelle særtrekk – ein regional komparasjon.
2. Embetsmennene sine sosiale og økonomiske relasjonar i høve til bondesamfunnet. Mikrohistorisk tilnærming.
3. Maktbasis, maktutøving og regionale tilpassingar.

Prosjektmedarbeidarar er ei gruppe fast tilsette ved Historisk institutt og Institutt for religion, livssyn og kristendom (RLK). I tillegg vil vi ha eit formalisert samarbeid med Norsk lokalhistorisk institutt. Forskinga vil likevel i størst omfang skje gjennom to utlyste doktorgradsstipend og eitt post doc.-stipend. Professor Atle Døssland vert ansvarleg for det samla prosjektet, medan ansvaret for delprosjekta ligg på andre i gruppa.

Prosjektleiar: Professor Atle Døssland
Leiar delprosjekt 1: Direktør Knut SprautenNorsk lokalhistorisk institutt
Leiar delprosjekt 2: Førsteamanuensis Arnfinn Kjelland
Leiarar delprosjekt 3: Professor Brynjulv Gjerdåker og dosent Birger Løvlie

Tilknytta forskarar:
Dr. Andrew Newby, Senior Lecturer in History, University of Aberdeen, frå 2011 i tillegg Linda Andersson Burnett, Edinburgh.
Post doc.-stipendiat Jens Johan Hyvik, delprosjekt 1 (frå 1.10.2008)
Stipendiat Harald Krøvel, delprosjekt 3 (frå 1.8.2008)
Stipendiat Mette Vårdal, delprosjekt 2 (frå 1.6.2010)