Studietilbod

Høgskulen i Volda er kjent for sine medieutdanningar, innovative lærarutdanningar, yrkesrelevante studium og ikkje minst eit godt studiemiljø. Hos oss kan du studere på nett, deltid og samlingsbasert, så sjansane er store for at du finn den perfekte studieforma!

Ledige studieplassar

Vi tek løpande opp studentar i det lokale opptaket. Her er tilbod både for deg som vil bli ny student og deg som vil bygge på eller ta etter- og vidareutdanning. Det er mogleg å studere både på heiltid, deltid og på nett.

19. juli blir lista over ledige studieplassar i Samordna opptak lagt ut. Frå 20. juli kl 9.00 kan du søkje på dei ledige studieplassane i Samordna opptak .

Vi tilbyr årsstudium, bachelorgrader og mastergrader innan desse fagområda:

Vi jobbar med å legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring. 

Studiesituasjon med 3 personer

Ta studietesten!

Kva er viktigast for deg? Kva interesserer deg? Kven inspirerer deg? Kva vil du halde på med i framtida? Klikk deg gjennom studietesten og få tips om kva utdanningar som kan passe best for deg!

Ta studietesten vår no!