Samarbeid

Høgskulen i Volda ønsker å vere tett på arbeidslivet i regionen. Vi har mange fagmiljø med stor breidde og høg kompetanse, og samarbeider med og utfører oppdrag for ei rekkje ulike aktørar i både næringsliv og offentleg forvaltning.

Vi leverer ferdig utvikla eller skreddarsydde kurs og vidareutdanningar innanfor ulike fagområde som di bedrifter, institusjon eller du sjølv har behov for. Tilboda våre kan tilpassast jobbsituasjon og ein hektisk kvardag.

Vi tilbyr kurs, vidareutdanning og forskingskompetanse innanfor følgande fagområde:

Lokale ordningar for kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring

Lokal ordning for kompetanseutvikling i barnehagen og grunnopplæringa gir rom for at barnehage- og skuleeigarar skal drive utviklingsarbeid i barnehagar og skule tufta på lokale behov i partnerskap med Universitet og høgskular (UH). Strategien er langsiktig og skal bidra til at tilsette i barnehage- og skulesektoren, i samarbeid med universitet og høgskular, sjølve definerer og prioriterer kva kompetanseutvikling dei treng. Målet er også at lokal høgskule/universitet skal få ein meir praksisnær kompetanse.