MAFAL
Noregs forskingsråd har gjennom programmet "Praksisrettet FoU for barnehage, grunnopplæring og lærerutdanning" tildelt Høgskulen i Volda 7,2 mill kr. for tre år. Dette er den største løyvinga HVO nokon gong har fått til eitt enkelt prosjekt.
Hovudmålet med prosjektet er å auke den forskingsbaserte kunnskapsstatusen på barnehageområdet. Prosjektmedarbeidarane vil gjennomføre ei landsomfattande spørjegransking på barnehagefeltet ut frå to overordna problemstillingar:
- Korleis forstår og meistrar førskulelærarane yrket sitt? Dette vil dels bli studert i lys av grunnutdanninga og kvalifiseringa til yrket, og del i lys av arbeidsdelinga med assistentane.
- Kva innhald og arbeidsmåtar finn vi i barnehagen?
Utgangspunktet for prosjektet er at kvalifisering til førskulelæraryrket skjer både gjennom livserfaring, gjennom førskulelærarutdanninga og gjennom arbeidet i barnehagen.
For at førskulelærarane skal meistre yrket sitt, er det avgjerande at det er samanheng mellom utdanninga og dei utfordringane førskulelærarane møter i praksis.
Eit sentralt spørsmål er om høgskulane verkeleg utdannar til kvardagen i barnehagen, og prosjektet spør også om arbeidet i barnehagen samsvarer med dei ideala ein finn i statlege styringsdokument.
Prosjektgruppa legg stor vekt på at analysar og funn frå prosjektet skal formidlast til ei brei offentlegheit i tillegg til vitskapleg publisering av forskingsresultata.
Prosjektet er eit tett samarbeid med Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo. Senteret skal gjennomføre den landsomfattande spørjeundersøkinga i eit representativt utval av barnehagar, og har eit ansvar for deler av forskingsarbeidet.
Det har vore tilsett tre stipendiatar på prosjektet: Liv Ingrid Håberg (frå 1.1.09) og Gerd Sylvi Steinnes (frå 1.8.08) har arbeidsplass i Volda, Mette Løvgren (frå 1.1.09) har arbeidsplass ved Senter for profesjonstudier ved Høgskolen i Oslo.
Disputasar:
Gerd Sylvi Steinnes disputerte ved HiOA den 21.11.2014 med avhandlinga "Profesjonalitet under press? Ein studie om førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og arbeidsdelinga med assistentane".
Liv Ingrid Aske Håberg disputerte ved UiO den 17.6.2015 med avhandlinga "Didaktisk arbeid i barnehagen. Kvalitativ studie av korleis assistenter og barnehagelærarar planlegg, gjennomfører og vurderer samlingsstund og femårsklubb".