Telefoni via Teams

Frå 18. februar 2022 skal alle tilsette ved Høgskulen i Volda ringe frå Teams med PC-en sin.

Dagens telefoniteneste med Skype for Business på PC-en vil da bli bytta ut med Teams. Ein vil ha dei same funksjonane med å kunne ringe både internt og eksternt med Teams-tenesta. 

Det vil bli sendt ut e-post i god tid før 18. februar med brukarmanual med enkel forklaring på korleis ein nyttar telefonitenesta.

Teams startar i dag opp automatisk på PC-en din når du slår den på og ligg på oppgåvelinje nedst på PC-en. Etter 18. februar vil Skype for Business slutte å gjere dette.

Denne endringa er noko alle UH-institusjonane i Noreg er med på og er ein del av innføringa av Teams ved Høgskulen i Volda.

Her er ein kort video (3:26) som forklarar dei grunnleggande funksjonane i Teams-telefonisystemet.

Og her ser du korleis du lagar dine eigne kontaktgrupper, som gjer det enklare å sjå om nokon er ledige før du ringer til dei (2:54).