Erfaringar frå studietida ved språk og litteratur

Tekst: Karl August Swanstrøm , Foto: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Hele Rødahl Fagermo, Foto: Privat
Foto: Privat

Studieprogrammet Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda var ei flott moglegheit til å fordjupe meg innan norskfaget.

I jobben min som norsklærar i den vidaregåande skulen har eg hatt god nytte av kunnskapen eg tileigna meg på studiet.

Vi lærte mellom anna om det norske språksystemet, litteraturteori og analysemetodar, noko som var med på å gje meg oversikt over fagfeltet og eit nyttig omgrepsapparat.

Eg er veldig glad i litteratur, og fann derfor emna «Litteratur og sjukdom» og «Livshistorier: biografi og roman» særleg interessante.

Fagstoffet vi lærte om i desse emna har eg hatt god nytte av i undervisninga, og det vil nok berre bli enda meir aktuelt etter innføringa av fagfornyinga LK2020, der «Tekst i kontekst» er eit av kjerneelementa.

Som student opplevde eg å bli tatt på alvor, og det var alltid rom for diskusjonar under forelesingane.

Eg fekk grundig rettleiing på arbeidskrava mine, noko som gav nyttig innsikt i korleis eg kunne forbetre skriveferdigheitene mine.

Eg anbefaler derfor studiet til alle som har ei interesse for nordisk språk og litteratur, og som kunne tenkje seg å utvikle språk- og tekstkompetansen sin.

 

Helene Rødahl Fagermo

Del på