Vidareutdanning for lærarar

Eg er praksislærar

HVO ønsker at du som praksislærar skal kjenne til og bruke gode verktøy og metodar i rettleiinga av lærarstudentane. Rettleiing/mentorutdanninga gir kunnskap nettopp dette og praksislærarar som har 30 stp. rettleiing/mentorutdanning får difor 6400 kr ekstra i lønn som praksislærar for PPU-studentar.

Eg er nyutdanna lærar

Overgangen frå studie til yrket som lærar kan være stor og mykje av kva det vil si å vere lærar forstår ein best medan ein faktisk arbeider som lærar. Nytt på nytt er for alle nyutdanna lærarar i barnehage og skule dei første to åra i yrket. Tilbodet er også for deg som skal vere rettleiar/mentor for nyutdanna.

Eg er lærar som ønsker meir kompetanse i fag

HVO har lang og god kompetanse på vidareutdanning av lærarar. Vi har tilbod innanfor kompetanse for kvalitet (KfK) og andre utdanningar på både bachelor og masternivå, heiltid, deltid, samlingsbaserte og nettbaserte studium.