Arbeidskrav

Med arbeidskrav meiner ein alle former for prøving som ikkje er eksamen, men som er vilkår for å gå opp til eksamen. Arbeidskrav gis for å fremje studentane sin progresjon og utvikling, samt sikre deltaking der dette er naudsynt. Arbeidskrav blir vurdert til godkjent eller ikkje godkjent. 

Når alle arbeidskrav i eit emne er godkjende, kan alle eller eit utval arbeidskrav gå inn som del av eksamen i emnet. Der arbeidskrav går inn som del av ein eksamen, skal godkjenninga av arbeidskrava ikkje leggje føringar for sensuren av eksamenen.

Det er emneansvarleg som har ansvar for vurdering av arbeidskrav, eventuelt for koordinering der fleire fagtilsette er involverte. 
 

Kva er fristane for innlevering av arbeidskrav?

Emneansvarleg fastset frist for innlevering av arbeidskrav. Arbeidskrav i eit emne er presisert i emneplanen . Fristar for innlevering/gjennomføring og godkjenning av arbeidskrava er spesifisert i semesterplanen/emneoversikt for emnet. 

Du må sjølv halde deg orientert om fristar som gjeld, og kva arbeidskrav som er godkjent eller ikkje godkjent i enkelte emne. Oversikt over emneplanar ved Høgskulen i Volda finn du her
 

Kor mange forsøk har eg på eit arbeidskrav?

Dersom du ikkje får godkjent, ikkje leverer eller ikkje møter til eit arbeidskrav, har du brukt eitt forsøk og får eitt (1) nytt forsøk på å fullføre arbeidskravet. Emneansvarleg set ny frist for innlevering av arbeidskrav. Fristen vert sett slik at du har høve til å gjennomføre eit nytt forsøk før eksamen. 

Kan eg søke om tilrettelegging av eit arbeidskrav?

Dersom du ikkje kan gjennomføre og levere eit arbeidskrav innan fastsett frist, kan du søke emneansvarleg om utvida frist for gjennomføring. Dette må du gjere innan rimeleg tid før fristen for levering går ut, slik at det er høve til å handsame søknaden din, og slik at du også ved avslag på søknaden har nok tid til å levere arbeidskravet før fristen går ut. Søknaden må vere grunngjeven og du leverer den til avdelinga der emnet høyrer til. 

Dersom du får medhald i søknaden kan det bli gitt ein alternativ frist etter avtale med emneansvarleg. Dersom du ikkje kan gjennomføre arbeidskravet kan alternativet vere å få eit alternativt opplegg . 
 

Kan eg søke om fritak frå gjennomføring av arbeidskrav?

Dersom du vel å ta eit emne på nytt, kan du søke om å få fritak for det som du tidlegare har fått godkjent av arbeidskrav. Dette er aktuelt dersom arbeidskravet fortsett er gyldig i dagens emneplan. Du må elles fullføre gjeldande arbeidskrav i eit emne, og arbeidskrava er gyldig heilt til emnet er revidert eller utgått. 

Ta kontakt med emneansvarleg dersom dette er aktuelt for deg. 
 

Kva er reglane om fusk og plagiat på arbeidskrav?

Høgskulen i Volda sitt regelverk om fusk og plagiat gjeld også for arbeidskrav. Du kan lese meir om høgskulen sine retningslinjer for hjelpemiddel og kjeldebruk her , samt for fusk og plagiat her.

Har eg klagerett på arbeidskrav som ikkje vert godkjent?

Dersom ditt arbeidskrav etter to (2) forsøk blir vurdert til ikkje godkjent, har du klagerett på dette. Klagen din må vere skriftleg og leverast til emneansvarleg innan ei veke etter at du fekk meldinga om ikkje godkjent arbeidskrav. 

Ved klage på arbeidskrav som ikkje er godkjent, skal arbeidskravet vurderast på nytt. Handsaming av klaga skal følgje reglane om ny sensur fom går fram av universitets- og høgskulelova §§ 3-9 og 5-3, med unntak av kravet om ekstern sensor, jf. universitets- og høgskulelova § 3-9 femte ledd.

Dersom arbeidskravet er ein munnleg presentasjon eller vurdering av praksisstudiar, eller andre arbeidskrav som etter sin art ikkje lar seg etterprøve, kan slike arbeidskrav ikkje klagast på, jf. universitets- og høgskulelova § 5-3 femte ledd. 

Du kan ikkje klage på arbeidskrav som er godkjent.