Barnehagelærarutdanning bachelorstudium heiltid over tre år (180 studiepoeng)
Høgskulen i Volda tilbyr heiltidsstudium i barnehagelærarutdanning kvart år.
Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda har første studieår tre kunnskapsområde med 20 studiepoeng kvar: Barns utvikling, leik og læring, Samfunn, religion, livssyn og etikk og Natur, helse og rørsle.
Andre studieår har to kunnskapsområde med 30 studiepoeng kvar: Kunst, kultur og kreativitet og Språk, tekst og matematikk.
I tredje studieår er det i haustsemesteret ei valbar fordjuping på 30 studiepoeng, og i vårsemesteret arbeid med bacheloroppgaven på 15 studiepoeng og kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid på 15 studiepoeng.
Det er 100 dagar praksis fordelt over dei tre åra med 35 dagar 1. studieår, 40 dagar 2. studeiår og 25 dagar 3. studieår.
For meir informasjon sjå i studiekatalogen vår.