Biblioteket er ope igjen

Studentar og tilsette har no tilgang til biblioteket igjen, og er velkomne til både å bruke lokala våre, låne bøker, og levere inn bøker.

Dei vanlege reglane for smittevern og avstand gjeld, og det er ikkje høve til å kome til biblioteket dersom du er sjuk, sit i karantene eller er i isolasjon.

Ved oppmøte i lokala er det viktig at du held minst 1 meter avstand til dei som hjelper deg, og at du gjer opphaldet i skranken så kort som mogeleg. Rettleiing/hjelp av lengre varigheit skal gjennomførast på telefon eller videomøte. 

I bemanna opningstid kan du levere bøker i skranken. Bruk innleveringskassene dersom du vil levere bøker utanom bemanna opningstid.

Reserverte bøker som er klare for henting står på hentehylla ved utlånsautomaten som vanleg. 

Du kan bruke leseplassar så lenge du held tilstrekkeleg avstand til sidemann. 

Purringar og innlevering av bøker

  • Purringar blir sendt ut som vanleg.
  • Dersom du ikkje kan levere i biblioteket, kan du ta kontakt med ditt lokale bibliotek og spørje om dei kan sende bøker i retur til oss. Alternativt kan du sende til oss i posten: Høgskulen i Volda, Biblioteket, Pb. 500, 6101 Volda.
  • Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål eller om noko ikkje stemmer: skranke@hivolda.no

Digital tilgang

  • Tilsette og studentar ved HVO har tilgang til alle e-bøker, elektroniske tidsskrift og databasar også utanfor campus.
  • Søk i Oria for å sjå kva vi har tilgang til. I menyen til venstre for søkefeltet kan du velje basen HVO e-ressursar for å få oversikt over det som er tilgjengeleg digitalt.
  • Du kan også bruke andre databasar, e-bøker og ressursar vi har tilgang til, oversikten finn du på Søk og finn litteratur-sidene og på Fag og forsking-sidene.
  • Når du er utanfor campus må du logge deg inn med Feide-ID/Canvas for å få tilgang.

Hjelp og rettleiing frå biblioteket