Forskarstøtte til fagtilsette og stipendiatar

Rettleiing i litteratursøk

Vi tilbyr ein «pakke» med litteratursøk på inntil 3 x 60 minutt:
Innleiingsvis ved starten på eit arbeid/prosjekt, undervegs om det er behov for det, og avslutningsvis når arbeidet nærmar seg slutten.

Du får ein kontaktperson i biblioteket som føgjer deg opp gjennom alle dei tre timane med litteratursøk.

Send inn skjema for å bestille time frå nettsida Rettleiingstime i litteratursøk.

Innføring i EndNote

 EndNote-sidene våre finn du mykje informasjon om korleis du kan komme i gang med og bruke EndNote. Om du treng starthjelp, kan du avtale rettleiingstime med ein bibliotekar. Det er ein fordel at du har hatt ein innføringstime i litteratursøk før du avtalar rettleiing i EndNote.

Kontakt oss også gjerne om det oppstår spørsmål og problem med EndNote undervegs i arbeidet. Om spørsmålet er av meir teknisk art, kan det vere lurt å kontakte IT-avdelinga. Kontaktinformasjon for både bibliotek- og IT-støtte finn du under EndNote spørsmål og hjelp.

Innlånstenester

Om du treng litteratur som ikkje er tilgjengeleg hos oss, prøver vi så langt det er mogeleg å skaffe deg det du treng frå eit anna bibliotek. Søk i basen «Norske fagbibliotek» i Oria og legg inn bestilling der. Om du ikkje finn det du er på jakt etter i Oria, kan du sende ein e-post til skranken og be om hjelp.

Vi har eitt tett samarbeid med dei andre UH-institusjonane i Noreg, og vi har også kontakter i utlandet. Leveringstida varierer. Artikkelkopiar får vi ofte tilsendt på e-post, slik at det går relativt raskt. For bøker og anna trykt materiale må du rekne med ei leveringstid på minimum ei veke.

Det er eigarbiblioteket som fastset lånetid og andre reglar for bruk av innlånt materiale. I enkelte tilfelle er det ikkje tillate med heimlån.

Elektronisk tidsskrifthylle

BrowZine er ein teneste som enkelt gir deg tilgang til e-tidsskrift biblioteket abonnerer på. BrowZine kan lastast ned som app for nettbrett, mobil og Amazon Kindle, eller brukast direkte frå nettlesar. Du kan:

  • Bla i tidsskrifta
  • Lage di eiga tidsskrifthylle
  • Få varslingar om nye artiklar
  • Laste ned pdf-ar, dele artiklar og eksportere til m.a. EndNote og Zotero

Slik brukar du BrowZine:  

  • Finn tidsskrift via «Subjects» eller søk i alfabetisk liste
  • Lagre tidsskrifta du ønskjer å følgje i «My bookshelf»
  • Lagre artikar du ønskjer å lese seinare
  • Les artiklar i appen, del, send til EndNote, m.m.

Avtalar for open publisering (Open Access)

Tilsette ved HVO kan publisere sine artiklar ope tilgjengeleg i dei fleste tidsskrift i databasar vi har abonnement på. Avtalane omfattar Elsevier (ScienceDirect), Sage, Springer Nature, Taylor & Francis og Wiley. Du finn fleire detaljar her:
https://www.openscience.no/publisering/avtaler-om-apen-publisering.

Har du spørsmål, kan du kontakte Bente Gunn Lien.

Databasar

Ei fullstendig liste over databasane vi har tilgang til finn du på databaselista. Det kan vere verdt å merke seg følgjande sentrale, internasjonale basar:

Academic Search Elite
Fulltekstbase med tilgang til vitskaplege og generelle tidsskrift innan samfunnsvitskap, humaniora, språk og litteratur, kunst, teknologi og naturvitskap.

ERIC
Internasjonal database over pedagogisk litteratur. Inneheld litteratur om pedagogikk og utdanning for dei fleste fag, emne og utdanningsnivå. Hovudsakleg tidsskriftartiklar, men også bøker, avhandlingar og konferanserapportar. Over to tredjedelar av innhaldet er fulltekst.

JSTOR
Arkiv over internasjonale vitskapelege tidsskrift i fulltekst, hovudsakeleg innanfor humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Databasen dekkjer normalt ikkje dei siste 3-5 åra av eit tidsskrift.

MEDLINE (Ebsco)
Referansar til tidsskriftartiklar innan medisin, sjukepleie og andre helsefag. Same innhald som PubMed.

PubMed
Referansar til tidsskriftartiklar innan medisin, sjukepleie og andre helsefag. Same innhald som MEDLINE.

SAGE Premier
Tidsskrift i fulltekst innan mange ulike fagområde, mellom anna sosiologi, mediefag, utdanning og kriminologi.

ScienceDirect
Fulltekstdatabase frå Elsevier med ca. 2300 vitskaplege tidsskrift innan mange fagområde, blant anna realfag, helsefag, humanistiske fag og samfunnsvitskap.

SpringerLink: Books
Vi har tilgang til e-bøker frå åtte pakkar: Mathematics and Statistics, Behavioral Science and Psychology, Education, History, Literature, Media and Culture, Political Science and International Studies, Religion and Philosophy, Social Sciences. 

SpringerLink: Journals
Tidsskrift i fulltekst frå Springer. Tverrfagleg.

Taylor & Francis
Vi abonnerer på følgjande pakkar med elektroniske tidsskrift:
S&T collection (Science & Technical) 425 titlar og SSH collection (Social Science & Humanities) 1165 titlar.

Web of Science
Siteringsdatabase. Inneheld referansar til artiklar frå leiande tidsskrift innan vitskap, teknikk, samfunnsfag og humaniora. Gir informasjon om kvar og kor ofte ein artikkel er sitert.

Wiley Online Library
Fulltekstdatabase med vitskaplege artiklar innan mange fagområde.

Andre aktuelle fagressursar

BASE - Bielefeld Academic Search Engine
Fritt tilgjengelege vitskaplege ressursar i søkemotor frå det tyske universitetsbiblioteket Bielefeld. Hentar informasjon frå opne arkiv.

Cristin
System for registrering og rapportering av norsk forsking.

Bibliotek.dk
Bibliotekkatalog for danske folke- og fagbibliotek. Bøker og tidsskriftartiklar.

Danmarks forskningsportal
Dansk forsking, forskarar og forskingsinstitusjonar.

DART-Europe E-theses Portal
Tilgang til europeiske vitskapelege arkiv i fulltekst. Her finn du blant anna doktorgradsavhandlingar.

Dataset Search
Google sin søkemotor for forskingsdata.

DiVA
Avhandlingar og andre publikasjonar frå svenske universitet og forskingsinstitusjonar.

ERIH Plus
Europeisk tidsskriftsregister som deler database med Kanalregisteret og bidreg til kvalitet i informasjon om publisering for norske og europeiske forskarar innan humaniora og samfunnsfag.

Google Scholar
Google sin søkemotor for vitskapeleg litteratur (artiklar, bøker, rapportar og avhandlingar). 

NORA - Norwegian Open Research Archives 
Nasjonal søketeneste for vitskapeleg informasjon i opne institusjonelle arkiv.

NPI - Norsk publiseringsindikator
NSDs register over vitskaplege publiseringskanalar (Kanalregisteret), Cristin, m.m.

ProQuest Dissertations & Theses
Amerikanske og internasjonale master- og doktoravhandlingar i fulltekst. Dei fleste avhandlingane må bestillast/kjøpast, men der er også nokre som kan lastast ned som PDF-filer.

Research.fi
Finske forskingspublikasjonar og forskingsprosjekt.

Surveybanken
Her kan du finne, analysere og laste ned data frå spørreundersøkingar. Inneheld 750 000 spørsmål frå meir enn 3000 spørreundersøkingar tilbake til 1957.

SwePub
Svenske forskingspublikasjonar.

Rayyan (program for review-arbeid)

Rayyan er eit gratis, nettbasert verktøy som du kan bruke til å screene referansar til ein systematisk oversikt eller ein litteraturstudie. Først gjer du eit litteratursøk i dei databasene du har bruk for og lastar søkeresultata inn i eit referansehandteringsverktøy, som for eksempel EndNote. Deretter importerer du referansene til Rayyan. To eller fleire personar kan gå gjennom referansane uavhengig av kvarandre, etter dei inkluderings- og ekskluderingskriteria som er bestemt på førehand. Dette blir kalla screening. 

Du kan opprette brukar i Rayyan her: https://www.rayyan.ai/

God informasjon om korleis du tek Rayyan i bruk finn du i Rayyan: Brukerveiledning (UiO)

Ressursar for stipendiatar

Er du doktorgradsstipendiat ved ein annan institusjon enn Høgskulen i Volda? Hugs at du då kan logge deg på nettverket hos doktorgradsinstitusjonen din og få tilgang til dei databasane og ressursane dei har der. Kanskje har dei andre eller fleire databasar enn dei du får tilgang til hos oss.

PhD on Track
Ressurs for ph.d.-kandidatar og unge forskarar ved norske universitet og høgskular. Her skal ein finne svar på det meste ein lurer på når det gjeld litteratursøk, skriving og publisering. Gir også ein god oversikt over viktig informasjon om open vitskap.