Låne og bestille

Logg inn i Oria

I bibliotekbasen Oria kan du både søke etter litteratur og legge inn bestillingar på bøker som er utlånte. På «Min konto» får du oversikt over dine lån og bestillingar. For å få tilgang til dei ulike tenestene må du logge deg inn. Det gjer du via innloggingsknappen øvst til høgre. Innlogginga skjer via Feide (pass på å velje Høgskulen i Volda). Logg inn med brukarnamnet og passordet som du har fått frå høgskulen.
Som ekstern lånar (ikkje tilknytt høgskulen) loggar du på med den e-posten som er registrert i lånekontoen din.

Lånerett

Høgskulebiblioteket skal primært dekkje behova for bibliotektenester til studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda. Eksterne lånarar kan få lånekort og låne frå biblioteket sine samlingar, men har berre tilgang til digitale ressursar på staden.

Lånereglar

Det meste av materialet i biblioteket er til utlån.

Campusstudentar, tilsette og eksterne lånarar må sjølv finne bøkene på hylla og låne dei i utlånsautomaten. Fjernstudentar kan etter avtale få bøker sendt til sitt næraste bibliotek, sjå eigen informasjon for fjernstudentar.

Vi sender ikkje bøker til utlandet. Alle lån må leverast tilbake før utanlandsreiser og lengre praksisperiodar.

Bøker merkte med raud teip er ikkje til utlån.

Brukarar av biblioteket forpliktar seg til å følgje lov om opphavsrett til åndsverk ved bruk av biblioteket sine trykte og elektroniske ressursar.

Brukarnamn og passord er strengt personleg og kan ikkje delast med andre.

Du får e-post med purring (varsel) når lån må leverast. Som lånar er du personleg ansvarleg for alt lånt materiale, og tapt eller skada materiale må erstattast. Når erstatningskrav er sendt, blir lånekortet sperra inntil materialet er levert eller erstatta. Dersom du meiner noko er feil, bør du melde frå ved første purring (varsel).

Dette er takstane for erstatningskrav:

  • Kr. 750,- for bøker, tidsskrifthefte, DVDar, Blu-ray, CDar og anna materiale som HVO-biblioteket eig. I tillegg kjem fakturagebyr på kr 50,-.
  • Om ei bok kostar meir enn kr 750,- i innkjøp, fakturerer vi kjøpesummen. 
  • Bøker lånt inn frå andre bibliotek skal erstattast etter takstar fastsett av eigarbiblioteket.
  • Misbruk av bibliotektenester kan medføre tap av lånerett.
     

Lånekort

Som student blir du automatisk registrert som lånar ved biblioteket, og du må laste ned studentbevis-appen for å låne. 
Tilsette nyttar tilsettkortet sitt. Du får det aktivert ved å ta kontakt med biblioteket.
Eksterne lånarar kan få eige lånekort frå biblioteket. Eventuelt kan nasjonalt lånekort nyttast, men dette må registrerast i biblioteksystemet vårt før det er klart til bruk.
 

Sjølvbetening

Du kan sjølv registrere lån på utlånsautomaten vår. Visse typar materiale må registerast i skranken. 
Når biblioteket er bemanna, kan du levere det du har lånt inne ved skranken. Når biblioteket er ubemanna, kan du levere i bokkassa utanfor biblioteket eller i bokkassa inne ved skranken. Du kan òg normalt levere bøkene ved ditt næraste folkebibliotek eller sende dei til oss i posten.

Lånetid

Bøker og CD-ar: 14 dagar. Automatisk fornying dersom ingen står på venteliste.

Tidsskrift: 2 dagar. Nyaste nummer er ikkje til utlån.

DVD-ar og Blu-ray: 7 dagar.

Lån av våre eigne bøker vil automatisk bli fornya dersom det ikkje er venteliste.

Maksimal fornyingsperiode:

Tilsette: 360 dagar
Studentar: 120 dagar
Eksterne lånarar: 60 dagar

DVD-ar, Blu-ray og tidsskrift blir fornya i inntil 30 dagar (gjeld alle lånarar) dersom det ikkje er venteliste.
 

Bestille bøker som er utlånt

Du kan setje deg på venteliste dersom ei bok er utlånt. Logg inn i Oria, og under «Finn og bestill» klikkar du på «Reserver/bestill». Du får melding så snart eit eksemplar er ledig og klart til henting. Studentar får tekstmelding og e-post, tilsette får melding på e-post. Ver vennleg å hente bøkene så snart som råd. Hentefristen er 5 dagar.

Det er ikkje mogleg å reservere materiale til ein bestemt dato. 

Fornye lån

Lånetida på bøker er i utgangspunktet 14 dagar. Lån som det ikkje er venteliste på blir automatisk fornya av systemet. Sjå informasjonen under «Lånetid» for kor lenge eit lån kan fornyast. Enkelt sagt kan du behalde eit lån heilt til du får første purring. Purringar blir sendt til e-posten din, så følg godt med der.

Bestille bøker og tidsskrift frå andre bibliotek

Om ei bok ikkje finst hos oss og du er student eller tilsett ved høgskulen, kan vi låne inn boka til deg frå eit anna bibliotek. Vi kan også skaffe kopiar frå tidsskrift som vi ikkje har tilgang til. Merk deg at det ikkje er mogeleg å låne inn e-bøker.

Studentar kan ha maksimum 10 bøker i bestilling/lån frå andre bibliotek samtidig.
Vi bestiller vanlegvis ikkje inn lån frå utlandet til studentar.

For tilsette er det ingen avgrensingar.

Leveringstid: Leveringstida er avhengig av om dokumentet er utlånt, om vi må reservere, osv. Du må rekne med minimum 1 veke før du får dokumentet du har bestilt.

Lånetid: Det er eigarbiblioteket som fastset lånetid og andre reglar for bruk av innlånt materiale. I enkelte tilfelle er det ikkje tillate med heimlån.

HENTEMELDING

Studentar får tekstmelding og e-post når materialet kan hentast, tilsette får melding på e-post. Ver vennleg å hente bøkene så snart som råd.

Fjernstudentar og nettstudentar kan etter nærmare avtale få bøker tilsendt til sitt næraste folkebibliotek. Artikkelkopiar kan sendast i posten. Meir informasjon on denne tenesta finn du under Fjernstudent

FORNYING AV LÅN

Det er ingen automatikk i at lån frå andre bibliotek kan fornyast. Nokre gongar tillet ikkje reglementet hos eigarbiblioteket det, andre gongar er det venteliste. Om du har fleire innlån, bør du nøye vurdere kva lån du verkeleg treng å fornye, og levere flest mogeleg av bøkene tilbake innan fristen. 

STUDENTAR VED ANDRE HØGSKULAR OG UNIVERSITET

Studentar ved andre høgskular og universitet kan få bibliotektenester på den institusjonen dei studerer ved. Om dette viser seg praktisk vanskeleg, kan vi vere behjelpelig med å låne inn bøker. For lån av materiale frå land utanfor Noreg og for bestillinga av artiklar, må studenten alltid kontakte sin eigen høgskule eller universitet.

EKSTERNE BRUKARAR

Lånarar som ikkje er studentar eller tilsette ved Høgskulen i Volda, må kontakte folkebiblioteket sitt om dei ønskjer å bestille bøker og artiklar som ikkje finst hos oss.