APA indirekte sitat

  • Indirekte sitat eller parafrasering er å gjengi ein forfattar med eigne ord. Det vil seie at du i den løpande teksten viser til ei kjelde utan å sitere direkte.
  • Dersom du bruker indirekte sitat, bør du alltid føre opp sidetal slik at lesaren raskt kan finne fram i kjelda og kontrollere fakta.
  • Du viser til kjelda ved å skrive etternamnet til forfattaren og utgivingsåret med sidetal i parentes.  
  • Dersom du flettar forfattarnamnet inn i teksten, set du berre årstalet med sidetal i parentes. I staden for personleg forfattar kan det vere ein institusjon, nokre gonger berre ein tittel.
  • Av og til er det aktuelt å sitere eit verk som heilskap, td. gjengi hovudidéane i ei bok. I slike tilfelle tek du ikkje med sidetal i siteringa.


Døme på indirekte sitat: 

Dette viser at bøndene på Nordvestlandet hadde kontakt med det politiske og kulturelle livet i Nord- og Vest-Europa (Fet, 2003, s. 101).

Fet (2003, s. 101–103) skriv at ...
 

Vise til fleire kjelder av same forfattar:

Nokre gonger er det aktuelt å vise til fleire kjelder av same forfattar i den same parentesen. Det kan gjerast slik:

(Holden, 2008, s. 45; 2009, s. 89).

Eldste kjelde skal førast opp først, du skil mellom kjeldene med semikolon.

Vise til fleire kjelder av same forfattar, same år:

Når du viser til fleire kjelder av same forfattar og dei er utgitt same året, skil du mellom dei med bokstavar på denne måten:

Det er tydeleg at dette har vore eit problem (Frønes, 2006a, s. 89). I ein annan samanheng peikar Frønes (2006b, s. 145) på at ...

eller: Dette har Frønes vist i mange samanhengar (2006a, s. 89; 2006b, s. 145).


Fleire kjelder av ulike forfattarar i éi tilvising:

Om du vil vise til fleire kjelder av ulike forfattarar i den same parentesen, fører du opp kjeldene i alfabetisk rekkjefølgje, skilt med semikolon:

(Baumfield, Hall, & Wall, 2008, s. 45; Postholm, 2007, s. 146).