APA litteraturliste

På slutten av dokumentet skal det vere ei litteraturliste. Føremålet med litteraturlista er å hjelpe lesaren med å finne dei same kjeldene som du har brukt. Med nokre få unntak (e-postar, munnleg kommunikasjon), skal alle kjeldene førast opp.
 

Hugsereglar:

  • Litteraturlista startar på ei ny side.
  • Bruk Litteraturliste, Kjeldeliste eller Referanseliste som overskrift.
  • Lista skal ordnast alfabetisk etter forfattarane sine etternamn.
  • Ved fleire medforfattarar skal lista alfabetiserast etter første forfattar.
  • Dersom ein forfattar har skrive fleire verk, skal dei ordnast kronologisk med eldste årstal først.
  • Dersom ein forfattar har skrive fleire verk same år, brukar ein a, b, c, etter årstalet for å skilje arbeida.
  • Dersom personleg forfattar manglar, kan ein institusjon fungere som forfattar.
  • Der det ikkje er nokon forfattar i det heile, brukar ein tittel som ordningsord.
  • Lover skal setjast opp etter korttittel.
  • Ved kjelder som vert skrivne over fleire linjer, skal alle linjene ha innrykk så nær som den første.
  • Hugs at det skal vere samsvar mellom tilvisingane og litteraturlista. All litteratur som er referert eller sitert i teksten skal vere med i litteraturlista. Det skal heller ikkje stå noko i litteraturlista som det ikkje er referert til i teksten.