Installere og ta EndNote i bruk

Installere EndNote

Tilsette og stipendiatar kan installere EndNote frå Firmaportalen. Trykk på Start i Windows, skriv Firmaportal og start programmet. Der kan du velje å installere EndNote. Følg instruksjonane du får på skjermen.

Opprette eit nytt EndNote-bibliotek

Dersom det ikkje automatisk blir oppretta eit bibliotek ved installasjon av programmet, kan du opprette eit sjølv via File-kommandoen. NB! Du bør ikkje opprette meir enn eitt bibliotek. Om du har bruk for å gruppere kjeldene dine, opprettar du heller eigne grupper (mapper) i biblioteket ditt.

  1. Opne EndNote programmet og vel frå menylinja øvst: File > New.
  2. Gi biblioteket eit namn (du kan skrive over standardnamnet)
  3. Vel filplassering på maskinen din. Du bør lagre biblioteket på K: på maskina di (ikkje i Onedrive eller Dropbox). Pass på at biblioteket ligg ein stad der du enkelt finn tilbake til det. 
  4. Klikk på Lagre/Save.
    Merk deg at eit EndNote-bibliotek alltid består av ei EndNote-fil med namnet på biblioteket (f.eks. Endnotebibliotek.enl) og ei mappe med same namn (f.eks.Endnotebibliotek.Data). Dei to delane må alltid lagrast saman for at biblioteket skal fungere problemfritt, og det er viktig at du ikkje flyttar .enl-fila inn i datamappa.

Merk

Opne eit eksisterande bibliotek

  1. Gå til File > Open Library
  2. Finn biblioteket ditt i filstrukturen, vel den staden der du lagra biblioteket.
  3. Klikk på bibliotekfila (f.eks.  Endnotebibliotek.enl) for å opne biblioteket.
  4. Eventuelt kan du velje Recent, som er det biblioteket du brukte sist du var inne i EndNote.

Lage sikkerheitskopi av biblioteket

Det kan vere lurt å ta sikkerheitskopi av biblioteket med jamne mellomrom:

  1. For å lage ein sikkerheitskopi av biblioteket i ei komprimert fil, går du til File > Compress Library (.enlx),
  2. Vel Create > With File Attachments > All references in library
  3. Next
  4. Skriv inn filnamn og vel filplassering. Du kan godt lagre fila i Onedrive. Du kan også sende fila på epost til deg sjølv eller andre, eller lagre den på ei minnebrikke.
  5. Fila du lagrar blir vist som typen Archived library, og filtypen er .enlx.
  6. Om du får bruk for sikkerheitskopien: Flytt den til ein aktuell stad på maskinen din, klikk på fila, og biblioteket blir pakka ut.

Eit alternativ til sikkerheitskopi er å lage brukarkonto på EndNote Online og sette opp synkronisering mellom EndNote-biblioteket i Endnote og online-kontoen. Då vil du ved å logge på Endnote Online alltid ha tilgang til biblioteket ditt.

EndNote og VPN på trådlaust nett og heimekontor

Når du brukar EndNote utanfor kontoret, f.eks. trådlaust nett på campus eller på heimekontor, må du kople deg til VPN for å få tilgang til EndNote.