Synkronisere biblioteket med EndNote Online

EndNote finst også i ein nettbasert versjon, EndNote Online. Du kan bruke eit EndNote-bibliotek installert på maskinen din saman med ein EndNote Online-konto, eller du kan bruke anten EndNote Online eller EndNote desktop uavhengig av kvarandre. Dersom du synkroniserer EndNote-biblioteket du har på maskinen din (EndNote desktop) med eit EndNote Online-bibliotek, vil du kunne bruke kjelder uavhengig av maskin. Du vil også kunne dele heile biblioteket eller grupper av kjelder med andre EndNote Online-brukarar.

For å kunne dele eit EndNote-bibliotek eller grupper, må du først synkronisere med EndNote Online. Også dei du deler grupper/biblioteket med, må ha ein konto i EndNote Online.

Framgangsmåte for å konfigurere synkronisering mellom EndNote desktop- biblioteket og Endnote Online første gong

  • Gå til EndNote desktop og vel Library > Sync
  • Opprett ein gratis brukarkonto i EndNote Online (om du ikkje har ein fra før): https://access.clarivate.com/login?app=endnote​​​​​​. Hugs e-post og passord du registrerte deg med!
  • Fyll ut e-post og passord til EndNote Online i dialogboksen for Sync-konfigurasjonen. Klikk OK.
  • EndNote-biblioteket vil no synkroniserast til Endnote Online.
  • Om du vil sjekke status på synkronisering av EndNote-biblioteket ditt, kan du gå til Sync Status i venstremenyen. For å synkronisere manuelt, kan du klikke knappen Sync Now eller velje Library > Sync i toppmenyen
  • Om du vil gjere endringar i Sync-innstillingane, går du til Edit >Preferences og vel underkategori Sync. Sjekk at EndNote Online brukarnamn og passord er korrekt. Her kan du også aktivere eller deaktivere automatisk synkronisering. 
  • NB! Det er berre mogleg å synkronisere eitt EndNote-bibliotek med EndNote Online.

Framgangsmåte for å dele ei gruppe

  • I venstremenyen klikkar du på gruppa du vil dele
  • Gå til Groups > Share Groups i toppmenyen eller høgreklikk på gruppa >Share Group.
  • I vindauget som blir opna skriv du inn e-postadressene til deling under Invite More People, vel Permission (lese- og skrivetilgang eller berre lesetilgang) og klikkar på  Invite (sender e-post).
  • Grupper som er delt med deg vil dukke opp i venstremenyen under Groups Shared By Others.

Framgangsmåte for å dele heile biblioteket

  • Gå til File > Share i toppmenyen
  • I vindauget som blir opna skiv du inn e-postadressene til deling under Invite More People, vel Permission (lese- og skrivetilgang eller berre lesetilgang) og klikkar på Invite (sender e-post)
  • EndNote-bibliotek som er delt med deg kan du opne frå File > Open Shared Library.