Kjeldekritikk
Kjeldekritikk handlar om at du kritisk vurderer dei ulike kjeldene du ønskjer å bruke i studium og forsking.
Døme på kjelder er bøker, rapportar, tidsskriftartiklar, offentlege publikasjonar, avhandlingar og nettsider.
Du må alltid vurdere nøye om dei kjeldene du har funne fram til held ein god fagleg kvalitet, og om dei er relevante for arbeidet ditt.
I arbeidet med å vurdere kjelder kan TONE-modellen (Troverdighet, Objektivitet, Nøyaktighet, Egnethet) vere ein nyttig reiskap. Sjå Høgskolen i Innlandet sin film om TONE-modellen
Viktig informasjon om kva du bør sjå etter når du vurderer kjeldene dine finn du i tillegg her:
Kildekritikk (Kildekompasset)
Kjeldevurdering (Søk og Skriv)