Treng du hjelp med oppgåveskriving?

I rettleiingsskranken kan du få hjelp i samband med oppgåveskriving. Vi presiserer at vi ikkje kan gi fagleg rettleiing, slike spørsmål må du ta opp med rettleiaren du har på studiet.

Det vi kan hjelpe deg med:

•    Forstå oppgåveformuleringar og kome i gong med å skrive
•    Struktur og oppbygging
•    Kjeldekritikk

Kva må du gjere:

•    Ha problemstilling eller oppgåvetekst tilgjengeleg (eventuelt også notatar og idear) 
•    Tenk godt gjennom kva du ønskjer hjelp med og fortel oss dette

Du får ikkje hjelp med: 

•    Fagleg rettleiing
•    Gjennomgang av heile oppgåva
•    Språkvask
•    Vurdering av nivå på oppgåva

Dersom du er fjernstudent eller av andre årsaker ikkje har høve til å kome til rettleiingsskranken i opningstida, kan du avtale tid for oppgåvehjelp ved å sende ein e-post til skranke@hivolda.no.

Du kan finne gode tips til oppgåveskriving på for eksempel nettsida til Søk & skriv eller ved å høyre på podkasten Akademisk skriving.