Litteratursøk i ulike fasar

Litteratursøk går vanlegvis føre seg slik:

Illustrasjon til litteratursøk

Starten av eit prosjekt: Breie, utforskande søk

  • Kanskje har du berre nokre emne, interesser eller idéar?
  • Kva finst av kunnskap? Kva slags kunnskapshol skal prosjektet ditt dekkje? 
  • Finn ei problemstilling som gir deg konkrete søkeord og kombinasjonar av søkeord.
  • Hugs at ei problemstilling kan endrast, det er veldig vanleg at ein spissar problemstillinga etter kvart som ein kjem meir inn i emnet sitt. Ofte har ein først ein idé eller ei interesse, deretter må ein gjerne gjere litteratursøk, lese, tenke, notere og tileigne seg kunnskap før problemstillinga eller forskingsspørsmålet fell på plass. Skriveprosessen kan begynne på fleire måtar, men det kan vere lurt å ha ei førebels problemstilling som ein jobbar utifrå på eit tidleg tidspunkt.

Undervegs: Spisse, tilpasse og vere kreativ med søkeord

  • Samanlikne hovudresultat med sentrale studier på feltet, sjå kva slags kjelder, metoder og litteratur andre har brukt, og slik spisse eigne tolkingar.
  • Finn du andre omgrep, ord og samansetningar? 

Avslutningsvis: Presentere resultatet og overtyde om kvalitet

  • Kjenner du relevant forsking, og kva tyder funna dine sett i lys av denne?