Å søke etter forskingslitteratur

Å bli god i litteratursøk er som mykje anna ei øving. Gode litteratursøk dreier seg om:

  • Kvaliteten på forskinga di: Du må kjenne godt nok til feltet og kva som er gjort frå før, for å kunne forstå kva som er interessant, relevant og «nytt».
  • Forståing av eigne funn: Det er umogeleg å forstå eigne funn utan å sjå dei i lys av andre studium på liknande tema og felt.
  • Dersom du finn noko anna enn det andre studium har funne: Korleis skil ditt prosjekt seg frå desse? Nasjonal kontekst? Utval? Teoretisk perspektiv?
  • Det må vere tydeleg kva slags hypotese du går ut i frå, og arbeidet ditt må kunne ettterprøvast av andre.
  • Du må ha kunnskap om kva forsking er, og kjenne til dei ulike typane forskingslitteratur.

Oria

Oria er bibliotekskatalogen. Her får du treff på trykte bøker, e-bøker, tidsskriftartiklar, doktorgradsavhandlingar, mastergradsoppgåver, m.m. Du kan velje mellom enkelt søk og avansert søk. Avansert søk gir litt fleire søkemoglegheiter enn enkelt søk. Frå trefflista kan du gjere avgrensingar i venstremenyen på for eksempel fagfellevurderte tidsskrift og årstal. Du kan også inkludere materiale frå andre bibliotek for å finne anna tilgjengeleg materiale som vi ikkje har ved HVO-biblioteket. Dette kan du legge inn bestilling på ved å logge inn med Feide-ID i Oria. Når du er innlogga får du også moglegheit til å lagre søka dine for seinare bruk. 
 

Fagdatabasar

Ved å søke i spesifikke databasar har du moglegheit til å søke med større presisjon innan fagfeltet ditt enn i Oria. Under Databasar og fagsider får du oversikt over dei ulike databasane og ressursane vi har tilgang til. Søkemåten vil variere litt frå database til database, og dei fleste databasane har ein eigen hjelpefunksjon. Om du kjenner til korleis avansert søk i Oria fungerer, vil du beherske søking også i dei fleste av dei andre databasane.

Google Scholar

Google Scholar er Google sin søkemotor for vitskapeleg litteratur (artiklar, bøker, rapportar og avhandlingar).  Den inkluderer også dokument frå dei opne arkiva til norske og utanlandske universitet og forskingsinstitusjonar. Google Scholar erstattar ikkje fagdatabasane, men kan vere ein bra stad å starte litteratursøk. I Google Scholar kan du også frå ei kjelde på trefflista klikke på «Sitert av» for å finne andre artiklar eller dokument som har sitert den aktuelle kjelda. Eit anna alternativ er å klikke på «Beslektede artikler» for å finne liknande artiklar som den du har framfor deg.

Google

Kvifor ikkje berre bruke Google? Det går heilt fint å google noko du ønskjer å få vite mer om før du finn vitskapelege kjelder, men du må vere kildekritisk og ikkje tru blindt på alt som står der. 

Verdt å vite om Google:
•    Google finn ikkje alle artiklane som finst i Oria og fagdatabasane.
•    Det er vanskeleg å finne relevant akademisk litteratur.

Alternative søkestrategiar

  • Sjekk litteraturlista/kjeldelista i bøker og artiklar.
  • Ta utgangspunkt i sentrale forskarar/teoretikarar på feltet og sjå kva dei har publisert.