Søketips

Planlegg søket ditt

1.Ta utgangspunkt i problemstillinga og fyll ut søkeskjema

  • Hjelpemiddel: Skjema for litteratursøk.
  • Formuler problemstillinga i søkeord på norsk og engelsk. 
  • Ta utgangspunkt i fagspråk og teminolgi innan fagfeltet ditt.
  • Tenk også på synonym og kombinasjonar av ord, ver keativ.
  • Bruk gjerne Ordnett og Google Scholar for å finne synonym og engelske termar.
     

 

2. Kva type litteratur treng du?

  • Definisjonar kan du ofte finne i oppslagsverk eller pensumbøker.
  • Grunnleggjande informasjon og breie tilnærmingar til emnet finn du som regel i fagbøker.
  • For forskingsresultat og djup informasjon om smale tema,er ofte tidsskriftartiklar den beste kjelda.  Der finn du den nyaste forskinga om eit emne. NB! Avklar om artiklane må vere vitskapelege/fagfellevurderte.
  • Avklar kva språk du vil søke på (også norsk litteratur kan vere skrive på engelsk)
  • Finn ut om du treng faktainformasjon, stortingsmeldingar, statistikk, eller lover.

Søketeknikkar

Frasesøk

  • Frase = to eller fleire ord som kjem i ei bestemt rekkefølgje utan andre ord imellom.
  • Du søker på ein frase ved å setje sitatteikn/hermeteikn rundt orda
  • Eksempel: «videregående opplæring», «global warming»
     

 

Søking med AND/OG:

  • Avgrens ved å skrive fleire søkeord i søkefeltet. Då får du treff berre på litteratur som handlar om alle orda.
  • I Oria kan du bruke mellomromstast eller AND (OG) mellom orda, for å få treff der alle søkeorda er med.
    Eksempel: «videregående opplæring» matematikk motivasjon (gir treff på litteratur der både «videregående opplæring», matematikk og motivasjon er med)
  • I andre databasar enn Oria må du som regel skrive AND mellom søkeorda for å få trefff der alle søkeorda er med.
     

 

    Trunkering:

    • Søk på stammen av eit ord for å få med ulike variantar av ordet. Som regel er trunkeringsteiknet ei stjerne * 
    • Eksempel: barn* gir treff på barn, barnet, barna, barnevern, barnehage, barneskole, barneskule, osv.
       

     

    Søking med OR/ELLER:

    • Søk på synonym eller beslekta søkeord med OR (evt. ELLER i norske basar)  mellom søkeorda. Då får du treff der minst eitt av orda er med.
    • Eksempel: idrett* OR sport*
       

     

    Får du få treff?

    • Søk på  meir generelle termar. Eksempel: sigarettrøyking gir få treff. Søk heller på røyking.
    • Sjekk stavemåte, namneform, språk, osv. Kanskje du har skrive feil?

    Ulike måtar å avgrense trefflista på:

    • Avgrens trefflista til ein bestemt litteraturtype. Eksempel: Bøker, artiklar frå fagfellevurderte tidsskrift. 
    • Avgrens på år/tidsperiode.

    Søketeknikk for vidarekomne

    Grupper søkeorda og lag søkeuttrykk ved hjelp av parentesar.

    Eksempel 1:
    Gir treff som inneheld anten sport* eller idrett* i kombinasjon med skade*

    Søkeeksempel

    Eksempel 2:
    Gir treff som inneheld verdivurdering eller verdisett i kombinasjon med økologisk eller bærekraftig og metode eller fremgangsmåte eller framgangsmåte.

    Søkeeksempel

    Avansert søkeskjerm

    Det er også mogeleg å bruke ein søkeskjerm med fleire rader når du søker. Då må du klikke deg inn på «Avansert søk» eller «Advanced search». Dei fleste databasar har ein slik moglegheit. 

    Eksempel frå avansert søkeskjerm med ferdig utfylte søk i Oria:

    Eksempel 1:

    Søkeeksempel


    Her søker du på anten sport* eller idrett* i kombinasjon med skade*.  Som standard søker du i alle felt (dvs . du får treff frå f.eks. tittel, emnefelt og samandrag).

    Eksempel 2

    Søkeeksempel


    Også her søker du på anten sport* eller idrett* i kombinasjon med skade*, men har valt å avgrense til emnefeltet.

    Eksempel 3: 

    Søkeeksempel

    Gir treff som inneheld verdivurdering eller verdisett i kombinasjon med økologisk eller bærekraftig og metode eller fremgangsmåte eller framgangsmåte.

      Vil du lære meir om dei ulike søketeknikkane? Gå til Søk og Skriv sine sider: Søketeknikker

      Skal du utføre systematiske søk? Gå til Søk og skriv sine sider: Hvordan søke systematisk