Rettleiingstime i litteratursøk
Er du masterstudent, stipendiat eller forskar og skal skrive ei større oppgåve eller starte på eit forskingsprosjekt? Då kan du ha god nytte av ein rettleiingstime i litteratursøk saman med ein bibliotektilsett. Om du ikkje har høve til å møte opp i biblioteket, kan vi avtale digital rettleiing via Zoom.
Bestill ein rettleiingstime når du:
• Har søkt sjølv, og synest det er vanskeleg å finne nok litteratur i Oria
• Treng hjelp til å formulere søkeord
• Manglar oversikt over kva databasar det er relevant å søke i
• Ønskjer å auke kunnskapane dine om litteratursøk og søketeknikk
For å få best mogeleg utbytte av timen, er det lurt om du har søkt ein del på førehand og har problemstillinga di klar.
Send inn skjema for å bestille time, og ein bibliotektilsett vil ta kontakt med deg.
Tenesta er tilgjengeleg måndag–fredag i vanleg arbeidstid (NB! Ikkje tilgjengeleg i påska, i jula, på offentlege høgtidsdagar og medio juni-medio august)
Merk deg: Bachelorstudentar får søkehjelp og rettleiing ved å vende seg til skranken eller til rettleiingsskranken.