Databasar og fagsider

Alfabetisk liste over alle databasane i biblioteket: AB - C - E - F - G - H - J - K - L - M - N - O - - Q - RS - T - UV - W

A

Academic Search Elite
Fulltekstbase med tilgang til vitskaplege og generelle tidsskrift innan samfunnsvitskap, humaniora, språk og litteratur, kunst, teknologi og naturvitskap.

Alf Prøysen: Bibliografi og diskografi
Referansar til norske og utanlandske bøker, artiklar i bøker, tidsskrift og aviser – av og om Alf Prøysen, samt viser av Prøysen og andre sine tolkingar av visene hans.

Allkunne (avvikla i 2022)
Nynorsk leksikon med artiklar skrivne av fagutdanna forfattarar.

arXiv
Arkiv for elektroniske preprints av vitskaplege publiseringar innan fysikk, matematikk, kvantitativ biologi, astronomi, informatikk og kvantitativ finans. Innan fleire av områda i matematikken og fysikken blir nesten alle artiklar kopiert til arXiv.

Atekst, Retriever
Fulltekst mediearkiv frå Retriever med artiklar frå norske aviser, blad og nyhendebyrå. Merk! Dersom det står Retriever Logg inn, må du laste inn sida på nytt (F5 eller Ctrl+r). 
Rettleiingsfilm: Finne avisartiklar i Retriever.
Merk: For ein del aviser er ikkje nyaste innhald tilgjengeleg (såkalla leseforsinkelse): Oversikt over kva aviser det gjeld for og når innhald er tilgjengeleg.

B

BASE - Bielefeld Academic Search Engine
Fritt tilgjengelege vitskaplege ressursar i søkemotor frå det tyske universitetsbiblioteket Bielefeld. Hentar informasjon frå opne arkiv.

Bibliografi over norsk litteraturforsking 
Norsk litteratur etter 1500 og generell litteraturkritikk og litteraturteori. Ikkje fulltekst.

Bibliotek.dk
Bibliotekkatalog for danske folke- og fagbibliotek. Bøker og tidsskriftartiklar.

Biblioteksøk
Nasjonal søketeneste med informasjon om bøker, elektroniske publikasjonar, lydbøker, notar m.m. i norske bibliotek.

BMJ Best Practice
Medisinsk og helsefagleg oppslagsverk for primær- og spesialisthelsetenesta.

BRAVO (Brage Volda)
HVO sitt opne institusjonelle arkiv

Britannica Academic
Svært anerkjent og omfattande leksikon med høg fagleg kvalitet. Omfattar også søk i Merriam-Webster Dictionary & Thesaurus.

British Library
Katalogen til British Library

BrowZine
Ein teneste som gir deg enkel tilgang til alle e-tidsskrifta som Høgskulen i Volda abonnerer på. I ditt eige bibliotek i BrowZine kan du legge inn favorittane dine og få god oversikt over det du interesserer deg for. Brukarrettleiing på YouTube.

C

Campbell Collaboration
Systematiske oversikter og kontrollerte studier over effekt av tiltak innanfor sosialfeltet, psykologi, kriminologi og utdanning.

Cinahl
Internasjonal artikkelbase for helsefag med hovudvekt på sjukepleie. Cinahl er særleg god på kvalitiativ forsking og stoff om pasienterfaringar. Søkerettleiing frå UiO, Medisinsk bibliotek.

Cochrane Library
Dekkjer hovudsakeleg spørsmål om effekt av tiltak. Den beste kjelda for systematiske oversikter og kontrollerte studier innan helsefag. Fulltekst. Internasjonal dekning.

Collett-bibliografi: Litteratur av og om Camilla Collett
Referansar til norske og utanlandske bøker, artiklar i bøker, tidsskrifter og aviser – av og om Camilla Collett.

Cristin
System for registrering og rapportering av norsk forsking.

D

Danmarks forskningsportal
Dansk forsking, forskarar og forskingsinstitusjonar.

DART-Europe E-theses Portal
Tilgang til europeiske vitskapelege arkiv i fulltekst. Her finn du blant anna doktorgradsavhandlingar.

Dataset Search
Google sin søkemotor for forskingsdata.

Diktregisteret
Hjelpemiddel til å finne igjen og lokalisere norske dikt. Inneheld ikkje dikt i fulltekst.

DiVA
Avhandlingar og andre publikasjonar frå svenske universitet og forskingsinstitusjonar.

DOAB Directory of Open Acess Books

DOAJ
Fagfellevurderte open access-tidsskrift frå heile verda.

E

Ebook Central
Rundt 140 000 e-bøker frå ProQuest innan mange fagområde, til dømes økonomi, samfunnsfag og humaniora. 
Rettleiing.

EBSCO Open Dissertations
Amerikanske doktorgradsavhandlingar frå 1933 og fram til i dag.

English matters (NTNU)
Nettportal for deg som brukar engelsk som arbeidsspråk.

Epistemonikos
Gratis internasjonal (fleirspråkleg) database som inneheld systematiske oversikter om kliniske spørsmål. Epistemonikos søker systematisk i Pubmed og andre databasar etter relevante systematiske oversikter og oversikter over oversikter om behandling, diagnose, prognose, skade og etiologi.

ERIC
Internasjonal database over pedagogisk litteratur. Inneheld litteratur om pedagogikk og utdanning for dei fleste fag, emne og utdanningsnivå. Hovudsakleg tidsskriftartiklar, men også bøker, avhandlingar og konferanserapportar. Over to tredjedelar av innhaldet er fulltekst.

ERIH Plus
Europeisk tidsskriftsregister som deler database med Kanalregisteret og bidreg til kvalitet i informasjon om publisering for norske og europeiske forskarar innan humaniora og samfunnsfag.

F

Filmbib
Database for strøyming av filmar frå Norsk filminstitutt. Inneheld kortfilmar og dokumentarfilmar som er opphavsrettsklarerte for klasseromsundervisning og privat bruk. For å bruke tenesta må du logge på med nasjonalt lånekort og pinkode frå folkebiblioteket ditt. Om du ikkje har nasjonalt lånekort kan du ordne det på Nasjonalbiblioteket sine sider.

Filmoteket
Ein teneste frå folkebiblioteka som gjer det enkelt for deg å låne og sjå film digitalt. Du må ha nasjonalt lånekort for å nytte tilbodet. I tillegg må folkebiblioteket ditt ha avtale med Filmoteket. Volda folkebibliotek og Hornindal bibliotek har avtale. Liste over andre bibliotek som har avtale.

Finn bærekraftsforskning
Forskingspublikasjonar knytte til FNs berekraftmål.

FirstSearch (OCLC)
Gjennom eit felles grensesnitt tilbyr OCLC 12 amerikanske referansedatabasar med eit vidt spekter av emne.

Folkehelseinstituttet - oppsummert forskning for helse- og velferdstjenesten
Forskingsoversikter innan helse og velferd.

G

Google Scholar
Google sin søkemotor for vitskapeleg litteratur (artiklar, bøker, rapportar og avhandlingar). Inkluderer også dokument frå dei opne arkiva til norske og utanlandske universitet og forskingsinstitusjonar. Erstattar ikkje fagdatabasane, men kan vere ein bra stad å starte litteratursøk. Har også siteringssøk.

GreenFile
Forskingsdatabase med fokus på menneske og miljø. Dekkjer fagområde som jordbruk, utdanning, jus, helse og teknologi. Noko fulltekst.

Gunnerus: NTNU universitetsbibliotekets spesialsamlinger
Omfattar ei stor biletsamling, manuskript, diplomar, kart og antikvariske boksamlingar,  tilgjengjengeleg for alle.

H

Hamsun-bibliografi: Litteratur om Knut Hamsun
Referansar til bøker, artiklar i bøker og tidsskrift og avisartiklar – utgitt i Noreg, i andre europeiske land og til ein viss grad i andre verdsdelar frå 1879.

Helsebiblioteket
Helsefaglege basar og tidsskrift. Kunnskapsbasert praksis.

I

ICD-10
Dette er norsk versjon av ICD-10, ein internasjonal statistisk klassifikasjon av sjukdommar og beslekta helseproblem.
Det er WHO/Verdens helseorganisasjon som gir ut dette kodeverket medan Helsedirektoratet/ Direktoratet for e-helse står ansvarleg for den norske versjonen.

Idunn
Over 60 norske og nordiske fagtidsskrift i fulltekst frå Universitetsforlaget.

IN SUM
Systematiske oversikter om effekt av tiltak for barn og unges psykiske helse og velferd. Hentar publikasjoner frå Cochrane Database of Systematic Review, Campbell Library, PsycINFO, MEDLINE, Embase, Web of Science og Evidence Based Mental Health.  Basen er gratis å bruke, men nokre av tidsskrifta det er lenka til tek betalt for tilgang på fulltekst. 

J

JSTOR
Arkiv over internasjonale vitskapelege tidsskrift i fulltekst, hovudsakeleg innanfor humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Databasen dekkjer normalt ikkje dei siste 3-5 åra av eit tidsskrift.

Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab: Publikationsdatabase
Oversikt over publikasjonar gitt ut av Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab.

Kudos: Kunnskapsdokumenter i offentlig sektor
Dokumentsamling og søkeløysing for offentlege kunnskaps- og styringsdokument. Blant anna evalueringar, utgreiingar, årsrapportar, tildelingsbrev, NOU-ar, planar og strategiar, samt proposisjonar og meldingar til Stortinget.

L

Lexin
Ordbøker for innvandrarar. Gratis ressurs frå Utdanningsdirektoratet.

Libris
Felles database for svenske fag- og forskingsbibliotek. 

LISTA - Library, Information Science & Technology Abstracts
Internasjonal database over bibliotek- og informasjonsfag.

Lovdata
Med m.a. ajourførte lover og sentrale og lokale forskrifter i fulltekst.

Lovdata Pro
Abonnementsversjonen av Lovdata. Inneheld lover, forskrifter, forarbeid, rettsavgjerder, uttaler, vedtak, rundskriv og juridisk litteratur. Gir også tilgang til EØS/EU-rettskjelder og andre internasjonaler rettskjelder, som samandrag på norsk av avgjerder avsagt av Menneskerettsdomstolen.
Tilgang til bibliotekversjon på campus. Utanfor campus: Tilgang med Feide-pålogging. Tilsette kan også bli personlege brukarar (kontakt biblioteket)

Lærerutdanningsportalen
Kunnskapsportal for norske lærarutdannarar. Inneheld mellom anna systematiske kunnskapsoversikter over forsking om lærarutdanning, evalueringar, policy rapportar og eksempel på forskingsbasert praksis.

M

MEDLINE (Ebsco)
Referansar til tidsskriftartiklar innan medisin, sjukepleie og andre helsefag. 

MeSH på norsk og engelsk
I denne basen kan du søke på norsk og finne tilsvarande engelsk MeSH.

MøreRom : lokalhistoriske artiklar
Lokalhistoriske artiklar frå Møre og Romsdal.

N

NAOB - Det Norske Akademis Ordbok
Det nasjonale ordbokverket for norsk bokmål og riksmål frå tidleg på 1800-talet og fram til i dag. NAOB er basert på det historiske verket Norsk Riksmålsordbok.

Nasjonalbibliografien
Nasjonalbibliografien dokumenterer utgivingar som fell inn under pliktavleveringslova, og Nasjonalbiblioteket er ansvarleg for innhaldet. Her finn du bøker, e-bøker, lydbøker, kart, periodika, innspelt musikk og notar. Tidsskriftartiklar og Samisk bibliografi er også med.

Nasjonalbibliotekets Nettbibliotek (nb.no) 
Her finn du mellom anna norske digitaliserte aviser, bøker og tidsskrift. Det er mogeleg å få tilgang til digitalt materiale som ikkje ligg ope tilgjengeleg. Vitskapeleg tilsette får direkte tilgang med Feide-innlogging. Studentar må først logge inn med Feide-id og deretter søke tilgang. Meir informasjon finn du her: Tilgang til digitalt materiale frå Nasjonalbiblioteket

NIFU - Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning
NIFU er eit uavhengig samfunnsvitskapeleg forskingsinstitutt som har nasjonalt ansvar for produksjon, analyse og formidling av statistikk og indikatorar for det samla norske FoU- og innovasjonssystemet.

NORA - Norwegian Open Research Archives
Nasjonal søketeneste for vitskapeleg informasjon i opne institusjonelle arkiv. 

Norart
Referansar til artiklar i norske og nordiske tidsskrift og årbøker innan alle fagområde, hovudsakeleg frå 1980-2020.

Nordic Base of Early Childhood Education and Care (NB-ECEC)
Kvalitetsvurdert skandinavisk forsking om barn i alderen 0-6 år i barnehage.

Norsk litteraturkritikk
Bibliografi over litteraturkritikk publisert i norske medium. Inneheld også enkelte omtalar av norsk litteratur publisert i utanlandske medium. 

NOU-ar
NOU-ar i fulltekst frå 1994.
Nasjonalbiblioteket har skanna NOU-ar frå 1972, sjå liste hos UiO Universitetsbiblioteket.

NPI - Norsk publiseringsindikator
NSDs register over vitskaplege publiseringskanalar (Kanalregisteret), Cristin, m.m.

O

Open Polar
Søketeneste for forskingsbasert informasjon om det polare.

Ordbok for begreper i grunnopplæringen, norsk-engelsk/engelsk-norsk
Ressurs frå Utdanningsdirektoratet.

Ordbøkene
Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Søk i begge ordbøkene eller kvar for seg.

Ordnett.no
Forskjellige norske ordbøker frå Kunnskapsforlaget. Framandordbøker: engelsk, tysk, fransk, italiensk, spansk. Medisinske ordbøker på norsk og engelsk.

Oria
Database som gir oversikt over trykte og elektroniske samlingar i biblioteket ved Høgskulen i Volda og alle andre universitets- og høgskulebibliotek i Noreg.

OTseeker
Systematiske oversikter og kvalitetsvurderte studier innan førebygging og behandling, særleg relevant for ergoterapi.

OVID Journals
Tidsskrift i fulltekst innan medisin og sjukepleie.

Oxford English Dictionary
Den mest omfattande og oppdaterte ordboka for det engelske språket. Viser opphav, historie og bruk av over 600 000 ord gjennom 3 mill. sitat frå eit breitt utval av kjelder. Inneheld også tidslinjer og historisk tesaurus.

P

PEDro
Database over behandling og førebyggande tiltak innanfor fysioterapi. Inneheld referansar til systematiske oversikter, retningslinjer og kvalitetsvurderte randomiserte kontrollerte undersøkingar.

Pexels
Stor biletbase med bilete som kan lastast ned gratis. Vis gjerne til opphavsmann og nettstad.

PhilPapers
Bibliografisk database, driven av filosofar for filosofar og andre som er interessert i filosofi. Overvaker ei rekkje kjelder som blant anna bøker og tidsskrift. Basen er også knytt til eit ope arkiv for filosofiske tekstar (PhilArchive).

Pixabay
Stor biletbase med bilete som kan lastast ned gratis.

ProQuest Dissertations & Theses
Amerikanske og internasjonale master- og doktoravhandlingar i fulltekst. Dei fleste avhandlingane må bestillast/kjøpast, men der er også nokre som kan lastast ned som PDF-filer.

PTSDpubs
Referansedatabase som gir tilgang til litteratur frå heile verda om PTSD og andre psykisk helsekonsekvensar av traumer.

PubMed
Referansar til tidsskriftartiklar innan medisin, sjukepleie og andre helsefag.
Same innhald som Medline men med anna søkegrensesnitt. Søkerettleiing frå UiO, Medisinsk bibliotek

PubPscych
Europeisk referansedatabase for psykologi og psykiatri. Omfattar fleire språk og fleire dokumenttypar. Engelsk, tysk, fransk, spansk.

R

Regjeringen.no
Samla oversikt over dokument frå regjeringa, mellom anna Meldingar til Stortinget og NOU-ar.

REHABDATA
Referansedatabase for rehabiliteringsforsking, produsert av National Rehabilitation Information Center. Inneheld referansar frå både bøker og tidsskrift knytt til ulike aspekt av rehabilitering.

Research.fi
Finske forskingspublikasjonar og forskingsprosjekt

The Retraction Watch Database
Database over forskingsartiklar som er trekt tilbake. User Guide

Rettsdata
Lover, forskrifter, rettsavgjerder, forarbeid, internasjonale rettskjelder, faglitteratur m.m.
Feide-pålogging på og utanfor campus for studentar og tilsette.

Runeberg-prosjektet 
Open Access-base med fulltekstutgåver av eldre, klassisk nordisk fag- og skjønnlitteratur.

S

SAGE Premier
Tidsskrift i fulltekst innan mange ulike fagområde, mellom anna sosiologi, mediefag, utdanning og kriminologi.

Sakbib
Sakbib er forskingsmiljøet Norsk sakprosas bibliografi over norsk sakprosaforsking. Open for alle.

Samisk bibliografi  (Sámi bibliografia)
Dekkjer alle fagområde og skjønnlitteratur. Legg spesielt vekt på lokalhistorie og personhistorie.

ScienceDirect
Fulltekstdatabase frå Elsevier med ca. 2300 vitskaplege tidsskrift innan mange fagområde, blant anna realfag, helsefag, humanistiske fag og samfunnsvitskap.

Skrivbib
Bibliografi innan norsk og nordisk skriveforsking. Inneheld referansar til artiklar, bokkapittel og bøker. Open for alle.

Social Care Online
Stor britisk database innan sosialt arbeid. Dekkjer forsking, offentlege dokument, tidsskriftartiklar m.m. Noko fulltekst.

SpringerLink: Books
Vi har tilgang til e-bøker frå åtte pakkar: Mathematics and Statistics, Behavioral Science and Psychology, Education, History, Literature, Media and Culture, Political Science and International Studies, Religion and Philosophy, Social Sciences. 

SpringerLink: Journals
Tidsskrift i fulltekst frå Springer. Tverrfagleg.

SpringerLink: Open Access
OA-bøker frå Springer.

Store medisinske leksikon

Store norske leksikon
Vitskapeleg fundert leksikon med artiklar som er skrivne og redigerte av fagfolk.

Stortingsforhandlinger 1814–
Stortingsforhandlingane i fulltekst.

Surveybanken
Her kan du finne, analysere og laste ned data frå spørreundersøkingar. Inneheld 750 000 spørsmål frå meir enn 3000 spørreundersøkingar tilbake til 1957.

SveMed+
Nordisk database innan medisin og helsefag. Inneheld referansar til artiklar i nordiske tidsskrift frå 1977,og framover.
Merk! Frå januar 2020 blir ikkje basen lenger oppdatert.

SwePub
Svenske forskingspublikasjonar.

T

Taylor & Francis
Vi abonnerer på følgjande pakkar med elektroniske tidsskrift:
S&T collection (Science & Technical) 425 titlar og SSH collection (Social Science & Humanities) 1165 titlar.

Teacher Reference Center 
Referansar til artiklar frå fagfellevurderte tidsskrift innan pedagogikk og undervisning.

Termportalen
Termportalen ved Språksamlingane, Universitetet i Bergen, er ein nasjonal portal for norsk terminologi innanfor ei rekkje fagområde.

Tidsskrift.dk
Det Kongelige Biblioteks nasjonale, danske portal for publisering av faglege, vitskapelege og kulturelle tidsskrift i digital fulltekst.

U

Universitets- og høgskolerådets termbase
Ordliste med engelsk-norske/norsk-engelske studieadministrative termar for universitets- og høgskulesektoren. Både nynorsk og bokmål. Inngår i Termportalen.

Utdanningsforskning.no - Kunnskapssenter for utdanning 
Meir enn 2500 søkbare artiklar om utdanningsforsking.

W

Web of Science
Siteringsdatabase. Inneheld referansar til artiklar frå leiande tidsskrift innan vitskap, teknikk, samfunnsfag og humaniora. Gir informasjon om kvar og kor ofte ein artikkel er sitert. Web of Science Training (Youtube)

Wergeland-bibliografi 
Referansar til bøker, særtrykk, hovudoppgåver, doktoravhandlingar og artiklar i bøker og i tidsskrift gitt ut i perioden 1830-mars 2005.

Wiley Online Library
Fulltekstdatabase med vitskaplege artiklar innan mange fagområde.

WorldCat (FirstSearch)
Felles database for fleire hundre bibliotek, dei fleste amerikanske. Dekkjer m.a. bøker og tidsskrift (ikkje artiklar).