Dei ulike typane forskingslitteratur

Vitskapleg artikkel

Ein vitskapleg artikkel er basert på forsking der føremålet er å presentere ny forsking, eller gi ny innsikt i faglege problemstillingar. Artikkelen blir skrive av ein eller fleire forskarar, før han blir sendt til fagfellevurdering av ekspertar innan fagfeltet. Til slutt blir artikkelen publisert i eit vitskapleg tidsskrift. 

Målgruppa for vitskaplege artiklar er andre forskarar og fagpersonar i vitskaplege miljø. Dette ser ein blant anna ved at det blir nytta fagterminologi. Den vitskaplege artikkelen skal ha ei argumenterande oppbygging, innehalde grundig dokumentasjon og vise til anna forsking. Anerkjend metode må kome fram, og forfattaren skal sikte mot objektivitet. Institusjonstilknytinga til forfattaren, samt når og kvar artikkelen er gitt ut skal vise på ein tydeleg måte.

Fagfellevurdering (peer-review)

Fagfellevurdering inneber at den vitskaplege artikkelen blir vurdert og kvalitetssikra av minst to fagpersonar innan same forskingsfelt (fagfellar) før han blir akseptert for publisering. Vurderinga blir ofte utført anonymt, og både teori, metode og resultat blir gjennomgått. Det er vanleg at artikkelen må gå fleire runder med fagfellevurdering før han blir publisert. Fagfellevurdering blir sett på som det fremste kvalitetskriteriet for vitskaplege artiklar. Det engelske omgrepet for fagfellevurdering er «peer-review».

Merk deg at sjølv om ein artikkel er publisert i eit vitskapleg tidsskrift, er han ikkje nødvendigvis fagfellevurdert. Sjekk difor alltid fagfellevurdering. I Oria kan du avgrense til fagfellevurderte tidsskrift i venstremenyen. Du må likevel gå inn på kvar enkelt artikkel for finne opplysningar om eventuell fagfellevurdering. Også Register over vitenskapelige publiseringskanaler gir informasjon om fagfellevurdering.

IMRoD

IMRoD (IMRaD på engelsk) er ei forkorting for Introduksjon, Metode, Resultat og Diskusjon. Dette er ei oppbygging ein følgjer for vitskaplege artiklar innanfor mange fagområde.
I tillegg skal ein vitenskapleg artikkel ha med samandrag (abstract), konklusjon, korrekt utforma litteraturliste og eventuelle vedlegg. Merk deg at denne ramma for oppbygging kan variere frå fagområde til fagområde.  

Vitskaplege tidsskrift

Vitskaplege tidsskrift blir gitt ut av eit forlag eller ein organisasjon. Dei har fagfellevurdering og er skrive av og for forskarar. Språket er prega av fagterminologi. Artiklane viser til tidlegare forsking, dei må presentere ny innsikt og skal vere tydeleg daterte. 

Register over vitenskapelige publiseringskanaler blir vitskaplege tidsskrift delte inn i nivå 1 og nivå 2, med nivå 2 som det høgaste nivået. Her kan du også sjå om eit tidsskrift er fagfellevurdert.

Mange av dei vitskaplege tidsskrifta er tilgjengelege på nett, og HVO abonnerer på fleire faglege databasar der du kan søke etter forskingsartiklar i ei rekkje vitskaplege tidsskrift. 

Oversiktsartikkel (review, systematic review)

Ein oversiktsartikkel tolkar og vurderer kunnskap som har kome fram i tidlegare studier, oppsummerer resultat og gir ei brei innføring i det aktuelle emneområdet. Både fagfellevurderte review-artiklar (reviews) og systematiske oversikter (systematic reviews, scoping reviews) høyrer med her. På norsk kallar ein det gjerne oppsummert forsking

Fagartikkel

Fagartiklar skil seg frå vitskaplege artiklar på den måten at dei som regel er vurderte av ein redaktør i staden for ein fagfelle. Fagartiklar har gjerne som mål å opplyse om allereie kjent kunnskap, og dei rettar seg meir mot profesjonsutøvarar enn mot forskarar.

Vitskaplege forlag og bøker

Eit vitskapleg forlag gir ut fagfellevurderte bøker. Forlaga vert delte inn kategori 1 eller 2, alt etter akademisk nivå. Kategori 2 er det høgaste nivået.

Vurdering av forlag og bøker

Ein bør alltid vere kjeldekritisk og vurdere kjeldene på ein sjølvstendig måte. Hugs at ny forsking alltid byggjer på tidlegare forsking. Sjekk kva andre bøker forlaget har gitt ut, og kven som eig det. Er forlaget til dømes knytta til ein institusjon, som ein høgskule eller eit universitet?  Vurder om det først og fremst har kommersielle interesser, eller om hovudføremålet er å medverke til auka kunnskap. 

Når du skal vurdere kvaliteten på ei bok, bør du finne ut korleis boka er motteke og omtalt av andre fagpersonar på området. At boka har kjeldeliste og at det blir vist til kjeldene i teksten, er med på å skape tillit og truverde. Boka bør også ha stringens, og gi ei sakleg, balansert framstilling av tema. Kven kjem til ordet? Er framstillinga einsidig, eller har den breidde? 

Ein bør også sjekke opplysningar om forfattaren. Har forfatteren formell kompetanse og er tilknytta ein institusjon? Sjå etter om det står informasjon om forfatteren i boka, eller søk opp forfatteren på nettet og sjekk fleire kjelder. 


Du finn meir informasjon om kjeldekritikkSkrive og referere-sidene våre og på Søk og skriv sine sider om kjeldevurdering.