Til hovudinnhald

Tilgang til bibliotekressursar utanfor campus

For å få tilgang til biblioteket sine elektroniske ressursar (t.d. e-bøker og tidsskriftartiklar) når du ikkje er på campus, må du logge på med brukarnamnet og passordet du har til Feide/Canvas.

Søk i Oria

Dei fleste e-ressursane våre er tilgjengelege gjennom Oria.no. Høgskulen i Volda må vere valt som din institusjon. Dersom artikkelen/e-boka du prøver å opne krev det, får du spørsmål om å logge inn.

Søk i ein database

Du kan også søke direkte i ein av databasane vi abonnerer på (t.d. Idunn.no). For tilgang utanfor campus må du gå inn via lenka til databasen på biblioteket sine nettsider. Du får spørsmål om å logge inn dersom databasen krev det. 

Ta kontakt med biblioteket dersom du har spørsmål om tilgang.

LibKey Nomad

Dersom du ønskjer å lese elektroniske artiklar utanfor Campus, vil vi anbefale at du lastar ned ei nettlesar-utviding (Browser extension) frå LibKey.
Når du har denne, vil nettlesaren leggje inn eit ikon på nettsider der det finst elektroniske artiklar som HVO sine tilsette/studentar har tilgang til.

Då er det bare å trykkje på ikonet, og du blir bedt om å logge inn med Feide. Deretter er det berre å lese artikkelen.

Meir informasjon og moglegheit for å laste ned nettlesar-utvidinga her: https://libkeynomad.com/
 

Innloggingsvindauge