Studentassistent hjelper student i biblioteket
Kva kan studentassistentane hjelpe deg med?
Litteratursøk:
Søk etter litteratur i biblioteket sitt søkeverktøy Oria.
Studieteknikk:
Tips til korleis du kan studere.
Akademisk skriving:
Generelle tips om akademisk språk og stil, som for eksempel struktur, drøfting og argumentasjon.
Merk deg:
Studentassistentane gir ikkje faglege råd og rettleiing, og du som student må sjølv passe på å følgje oppgåvekrava og råda til faglæraren
Studentassistentane kan ikkje hjelpe deg med:
- Å lese og gjennomgå heile oppgåva di
- Språkvask
- Vurdering av nivå på oppgåva
APA-referansehjelp:
Studentassistentane kan hjelpe deg med nokre referansar. Dei kan også hjelpe deg med å finne hjelpemiddel digitalt.
Merk deg:
Studentassistentane rettar ikkje heile litteraturlista og alle referansar i teksten.
Plagiering/juks:
Studentassistentane kan gi deg gode råd for å unngå plagiering.
Kjeldekritikk:
Studentassistentane kan hjelpe deg med nokre gode kriterium for å vurdere kjelder.
Vel møtt til drop-in i lag med dei flinke studentassistentane ved biblioteket:
Måndag, tysdag, torsdag: 14:00–19:00
Fredag: 12:00–16:00
Laurdag: 12:00-15:00