Bli fadder

Engasjer deg fadderveka, anten som fadder eller som medlem i styret! Her får du erfaring i å planlegge å gjennomføre Høgskulen sin viktigaste festival for nye studentar. 


Inga fadderveke utan fadrar! Fadrane har ei unik rolle for at nye studentar skal få ein god studiestart. Ei faddergruppe kan bestå av ca 10-20 studentar, og blir leia av 3-4 fadrar. Som fadder introduserer du dei nye studentane for studiestaden Volda og legg til rette for at dei blir kjent og inkludert i sosiale aktivitetar.

Fadderveka i Volda blir arrangert av studentane sjølve. Styret for Fadderveka består av 6 studentar som saman med Høgskulen, SiVolda og Rokken organiserer faddergrupper og set saman program og innhald for å skape ein knallgod oppstart for dei nye studentane.