Det gode liv - heile livet: Oppvekst - frå fragmentering til samskaping

Barn som leikar

samarbeid

 

 

 

Kvart år under Forskingsdagane arrangerer Avdeling for samfunnsfag og historie eit seminar med hovudoverskrifta «Det gode liv – heile livet». Årets tema, «Oppvekst», kom som bestilt: det er klare samanhengar mellom ein trygg oppvekst og det gode liv.

Program

  • 10.00: Velkomen 
  • 10.05: Kva utfordringar møter vi i kommunane i Sjustjerna v/helse- og omsorgssjef Bård Dalen, Sande kommune. 
  • 10.15: Frå fragmentering til samskaping – ein urealistisk visjon? v/professor Roar Amdam, Høgskulen i Volda. 
  • 11.00: Beinstrekk 
  • 11.15: Kven er vi – kva gjer vi – kvar vil vi? Presentasjonar av hjelpetenester 
    • 11.15: Barnehabiliteringa v/seksjonsleiar Anne Helene Marøy Ulvestad, Ålesund sjukehus. 
    • 11.35: Psykisk helsevern for barn og unge v/seksjonsleiar Kari Standal, BUP poliklinikk, Volda sjukehus. 
    • 11.55: Barneverntenesta v/barnevernskonsulent Kjellfrid Hovdenakk, Volda kommune. 
  • 12.15: Enkel lunsj  
  • 13.00: Omtanke – å tenke om (igjen)? Eksempel på omorganiseringar 
    • 13.00: Barneblikk i Møre & Romsdal - Samskaping av tilbod til familiar i utfordrande livssituasjonar v/førsteamanuensisane Silje Dahl og Roar Stokken, Høgskulen i Volda. 
    • 13.20: Ressursbasen i Ålesund kommune v/teamleiar Sylvia Våge, Ålesund kommune.
  • 14.00: Beinstrekk 
  • 14.15: Ei radikal omorganisering – Stadt 2020 v/rådmann Åslaug Krogsæter, Eid kommune. 
  • 15.00: Det vil helst gå godt! Det resiliente barnet v/førsteamanuensis Bente Hasle, Høgskulen i Volda. 
  • 15.30: Vel heim 

Institusjonaliseringa av barndommen byr på nye utfordringar – særleg for dei barna som av ulike årsaker strevar. Hjelpetenestene syner seg som spesialiserte og fragmenterte. Såleis vert det skapt nye behov for barn og familiar: samordning, samarbeid, samhandling mellom ulike aktørar for at eit godt liv også skal kunne realiserast – både i eit her og no-perspektiv og med tanke på framtida. Seminaret dette året peikar på ei mogleg løysing, ved å fokusere på «Oppvekst – frå fragmentering til samskaping». 

Vi får høyre innlegg frå både forskings- og praksisfeltet om utfordringar og nye moglegheiter innan temaet barndom, ungdom og oppvekst. Psykisk helsevern for barn og unge, barnehabiliteringa og barnevernet presenterer sine tenester, medan forskarar frå Avdeling for samfunnsfag og historie bidreg med ny forsking og nokre visjonar for feltet. Vi får høyre leiaren for Ressursbasen i Ålesund, og om spennande strategisk planarbeid i den nye kommunen «Stad2020».    

Velkomne!

Del på