Digihand

DigiHand – handskriftsutvikling i digitale klasserom

Skriving og bruk av digitale verktøy er to grunnleggjande ferdigheiter i Læreplanen for Kunnskapsløftet, men spesifiserer ikkje korleis og i kor stort omfang ferdigheitene skal bli brukte. Som ein konsekvens av dette har norske klasserom utvikla ulike praksisar. I mange førsteklasser i Noreg har skulen innført nettbrett, der elevane først lærer å skrive på tastatur, for så i andre klasse å starte med handskriftsopplæringa. I andre klasserom er det fortsatt den tradisjonelle praksisen som gjeld, der elevane lærer å skrive for hand frå første skuledag, anten i kombinasjon med nettbrett eller med andre digitale verktøy. Det har vore lite forsking på fordelar og ulemper ved dei ulike praksisane, men erfaringar tyder på at elevar i begge grupper lærer å skrive for hand. I denne quasi-eksperimentelle studien vil undersøke korleis handskrifta utviklar seg blant desse to forskjellige vilkåra, og kva for undervisningspraksisar som kjenneteiknar desse to praksisane i 32 norske klasserom.

Forskningsspørsmål

  • Kva likskapar og forskjellar finst i skriftspråks- og handskriftsutvikling i dei to vikåra (utsetjing/ikkje utsetjing av handskrift første året?
  • Kva skriftspråkspraksisar kjem til syne i dei to vilkåra?

Føremål med DigHand

  • Undersøkje handskrift i digitale klasserom
  • Rekruttering av stipendiatar og masterstudentar i studien
  • Kompetansebygging i lærarutdanninga i begynnaropplæring ved å studere skriftspråkutvikling

DigiHand har publisert 10 artiklar i internasjonale tidsskrift:

Fitjar, C., Rønneberg, V., Nottbush, G., & Torrance, M. (2021). Learning handwriting. Factors Affecting Pen-

Movement Fluency in Beginning Writers. Frontiers in Psychology.https://doi.org/10.3389/fpsyg.2021.663829

Fitjar, Camilla; Rønneberg, Vibeke; Torrance, Mark (2022) Assessing handwriting: a method for detailed analysis of letter-formation accuracy and fluency. Reading and writing. https://link.springer.com/article/10.1007/s11145-022-10308-z

Gamlem, S.M., Rogne, W.M, Rønneberg, V. & Uppstad, P.H. (2019). Protocol Article: The Emergence of writing skills in the digital classroom. Nordic Journal of Literacy Research. https://nordicliteracy.net/index.php/njlr/article/view/2115

Rogne, W.M, Gamlem, S.M., & Ottesen, R.L (2021) Lese- og skriveferdigheter ved oppstart i 1. klasse med vekt på bokstavkunnskap. Acta Didactica Norden. https://doi.org/10.5617/adno.8327

Rønneberg, V. & Nilsen, C (2022). Teachers’ talk about giving feedback to young writers and about giving feedback on handwriting and typed texts. Writing and pedagogy.

Kobberstad, L. og Gamlem, S.M. (2021). Feedback for læring 1. klasse – tre lærarar sitt arbeid i begynneropplæringa. Kognition & Pædagogik, 31(120), s.80-8

Spilling, E.F., Rønneberg, V., Rogne, W.M., Roeser, J., & Torrance, M. (2021). Handwriting versus keyboarding: does writing modality affect quality of narratives written by beginning writers? Readingand Writing. http://doi.org/10.1007/s11145-021-10169-y

Øvereng, L.K. B. & Gamlem, S.M. (2022). Mapping the quality of teacher–pupil interactions in lessons with and without the use of tablets during a typical school day in first grade. Cambridge Journal of Education. https://doi.org/10.1080/0305764X.2022.2031885

Øvereng, L. K. B., Skaftun, A., & Gamlem, S. M. (2022). Nettbrett i literacypraksisar i førsteklasserom med høg kvalitet i lærar–elev-interaksjonar. Nordic Journal of Literacy Research, 8(2), 106–124. https://doi.org/10.23865/njlr.v8.3903

Spilling E.F., Rønneberg V., Rogne W.M., Roeser J. & Torrance M., (2022). Writing by hand or digitally in first grade: Effects on rate of learning to compose text, Computers & Education, https://doi.org/10.1016/j.compedu.2023.104755. (preprint version)

3 fagfellevurderte artiklar i antologi:

Antologibidrag 1: 

Kobberstad, L., Gamlem, S.M, & Rogne, W.M. (2020). Begynneropplæring i skriving med og utan nettbrett – lærarar sitt utgangspunkt for tilpassa opplæring. I: L.J. Halvorsen, R. Stokken, W.M.Rogne, I.J. Erdal. (2020). Digital samhandling. Oslo: Universitetsforlaget. https://www.idunn.no/digital_samhandling/14_begynnaropplaering_i_skriving_med_og_utan_nettbrett

Antologibidrag 2: 

Rogne, W.M., Gamlem, S.M., & Kobberstad, L. (2022). Læreres bruk av digitale læringsressurser som skrivestøtte i begynneropplæringen. I: H. Hoflundsengen, K. Bottengaard Næss, & K. Christensen (red.). Skriveutvikling og skrivevansker. Fra barnehage til mellomtrinn. Cappelen Forlag.

Antologibidrag 3: 

Spilling, E. (2021). The Measurement of Text Quality. I: Tor-Arne Haugen og Svenn-Arve Myklebust (red.). Språk, tekst og medvit. Cappelen Damm Akademisk.