Digital munnleg eksamen - rettleiing og tips for tilsette

Her finn du informasjon om korleis du nyttar Zoom til å planlegge og gjennomføre munnleg eksamen digitalt. 

Sida vert fortløpande oppdatert.

Før eksamen:

Gjer deg kjend med Retningsliner for studentar ved digital munnleg eksamen ved Høgskulen i Volda

Utstyr

  • Datamaskin: Vi rår til at du bruker ein datamaskin med Windows eller MacOS på munnleg eksamen. Zoom fungerer også bra på nettbrett og mobiltelefon, men desse kan heller brukast som reserveløysing dersom det skulle oppstå problem med datamaskinen din. 
    • Oppdater maskinen din ein dag eller to før eksamen for å redusere risikoen for automatisk oppdatering under sjølve eksamen.
  • Lydutstyr: Ein rår til å bruke USB-tilkobla utstyr som haudsett, høgtaler med mikrofon eller eksternt USB-kamera med mikrofon for best mogleg lydkvalitet. Zoom fungerer også med innebygd mikrofon og høgtaler, men lyden vil då kunne bli dårlegare grunna akustikk og støy frå datamaskinen og omgivnad.
  • Kamera: Innebygd kamera i datamaskinen/skjermen eller eksternt USB-kamera.

Internett

  • Tilkobling: Vi rår til at du bruker kabla internettilkobling under eksamen der det er praktisk mogleg. Om du ikkje har høve for å bruke kabla internettilkobling, vil vi rå til at du plassere deg så nære trådlaus-ruteren som mogleg.
  • Fart: Sjekk nettfarten på https://nettfart.no/. Du bør ha ein opplastingsfart på minimum 1,5 Mbps (megabit per sekund). Det kan vere lurt å tipse andre brukare av nettverket du sitt på om at du tek eksamen, slik at dei kan tilpasse bruken av nettet om det er naudsynt.
  • Reservenett: Om du mister internetttilgang heime så finn det andre alternative måte å komme seg nett igjen som til dømes å bruke Internettdeling via ein mobil eining: https://www.telenor.no/privat/artikler/slik-deler-du-internett/ 

Installer og test Zoom

 

Opprett Zoom-møtet før munnleg eksamen

NB! Zoom-møtet må opprettast av den faglærar som skal delta i eksamen - ikkje la andre opprette Zoom-møtet for deg. Zoom tillet ikkje fleire samtidige/overlappande møter oppretta av same person.

  1. Planlegg møtet på vanleg måte, anten via Outlook, Canvas eller direkte i Zoom-klienten
  2. Fyll ut felta slik (kva felt du ser avheng av kva måte du vel å planlegge møtet på):
    • Topic: Skriv inn en tittel for eksamen, for eksempel
      • Munnleg eksamen <emnekode> - <ukedag> <dato>
    • Description (Optional): Valfritt - skrive gjerne emnetittel og navn på faglærar
    • When: Vel dato frå kalendersymbolet og tidspunkt for oppstart. Dato har amerikansk format (MM/DD/ÅÅÅÅ).
    • Durations: Angi varighet fra startklokkeslettet, t.d. 6 timar.
    • Time Zone: (GMT+2:00) Oslo
    • Recurring meeting: La denne stå tom
    • Meeting ID: Vel Generate Automatically
    • Meeting Password: Dette vert styrt av Zoom-løysinga ved HVO
    • Video: Vel on for Host og Participants
    • Audio: Vel "Computer Audio"
    • Meeting Options (i Canvas) eller Advanced Options (I Outlook eller Zoom-klienten)
      • Enable join before host: Denne funksjonen fungerar ikkje når "Enable waiting room" er vald
      • Mute participants upon entry: Om denne er på, er mikrofonen til møtedeltakarane (også kandidaten) slått av
      • Enable waiting room: Vel denne!
      • Only authenticated users can join: Av/ikkje vald
      • Breakout Room pre-assign: Ikkje vel denne.
      • Alternative Hosts: Brukas ikkje. Sett heller sensor som Co-host når du har starta Zoom-møtet.
  3. Vel Save
  4. Opprett ett Zoom-møte per eksamensdag og gruppe (kommisjon) for hvert emne.

Du kan endre alle møteinnstillingar i ettertid ved å redigere møtet (Edit this Meeting) eller i Zoom-klienten etter du har starta møtet (Start this Meeting).


Under eksamen

  • Omgjevnader: Bruk eit rom der du kan være aleine utan forstyrrande element.
    • Plasser deg slik at du ikkje har sterkt lys bak deg (motlys i kamera).
    • Syt for at andre ikkje bruker mye av kapasiteten på nettet ditt.
  • Virtuell bakgrunn: Sjølv om Zoom har denne funksjonen, rår vi til at du ikkje brukar den. Den kan vere forstyrrande for kandidaten.
  • Utstyr: Ta omstart av datamaskinen din og syt for å avslutte opne program som ikkje er relevant for eksamen.
    • Døme på program som typisk kan forstyrre ved å lage "pop-up"-meldingar: Skype for Business, Teams, Outlook, vanleg Skype, Facebook (Messenger)
  • Start Zoom-klienten og kontroller at du er pålogga med Feide-brukaren din.
  • Start Zoom-møtet i god tid før starttidspunktet, og klikk på Participants-symbolet for sjå at deltakarane dukkar opp i venterommet (Waiting Room). Slipp inn sensor og gjer vedkomande til Co-host.

 

Brukarstøtte hjå IT-hjelp:

e-post: 5400@hivolda.no
Tlf: 70075400