Video i undervisninga

Ved HVO kan du ein nytte ulike verktøy for å lage video: 

Panopto (ANBEFALT)

Panopto er den foretrukne distribusjonskanalen for video v/HVO, dvs. at du bør lagre alle videoar der. Du kan produsere video i ulike program, det kan vere Panopto recorder, Powerpoint, Camtasia, opptak frå undervisningsrom, mobiletelefon etc. for å nemne nokre alternativ.
Panopto er eit nytt system på veg til å fasast inn v/HVO, du kan lese meir om prosjektet og finne fleire ressursar under  Tilsettverktøy \ studierelaterte verktøy \ Panopto

 

Studio Strøm, Mediateket (BK): 

I Strøm-bygget fins det eit studio som er tilgjengeleg for alle tilsette. Her kan ein gjere opptak av undervisningssekvensar og få ein video med høg teknisk kvalitet. Bruken av rommet har ein låg terskel, ta kontakt med Læringsverkstaden for å få rettleiing i korleis lage eigne opptak.  

 

Om video i undervisning

Bruk av video kan tilføre verdifulle kvalitetar i undervisninga. Når studentane får ei innføring i lærestoffet på video, har dei betre føresetnader for å delta i faglege diskusjonar, gruppearbeid, oppgåveløysing og andre undervisningsaktivitetar.

Ein video frå ei problemstilling frå ein praksissituasjon kan også vere med på å gjere undervisninga meir relevant og korte ned avstanden mellom teori og praksis. Dessutan gjer bruk av videoar studietilbodet tilgjengeleg for fleire i fleksible studiar. Studentar fortel at dei kan stoppe opp, reflektere, ta notatar, spole og høyre om igjen det som var vanskeleg å skjøne. I tillegg vert opptak gjerne brukt som repetisjon (jf. Fossland 2015).

Sidan videoar åleine er ein einvegskommunikasjon frå læraren til studentane, rår vi til at ein brukar video som element i eit meir variert undervisningsdesign. Læraren kan integrere videoane i undervisninga si ved å lage oppgåver og diskutere temaet videoane belyser. Dette kan gjerast både i klasserom eller i nettbaserte læringsmiljø.

Vil du lære meir om dette kan Universitetet i Stavanger sin ressursbank for undervisningsvideo (Videoforelesing.no) vere ein god ressurs med inspirasjon og praktiske tips. 

Vi kan produsere videoar frå ulike undervisningsrom eller på lokasjonar i nærleiken av høgskulen. Vi kan også rettleie lærarar som vil lage enkle skjermopptak på eige kontor.

Ta kontakt med oss om du vil drøfte korleis bruke digital teknologi i undervisninga! 

beta@hivolda.no 

Test