Nettundervisning - kom i gang

Informasjon til studentane

Studentane lurer nok på korleis undervisninga vert framover. Vi rådar deg til å leggje ut informasjon ein stad, helst i Canvas. Dersom du kommuniserer med studentane via andre kanalar, kan du lenke til emnet i Canvas. Slik slepp du å skrive meldingar fleire stader, og studentane får vite kvar dei finn rett og oppdatert informasjon. 

Skriv helst når du planlegg å leggje ut læringsressursar til dei. Det kan vere smart å leggje ut i forkant av dei ordinære undervisningsøktene. Du bør også seie korleis dei kan nå deg og medstudentane om dei har faglege spørsmål. Her kan du gjerne bruke "Diskusjonar" i Canvas.

Generelle råd

Skriftlege leksjonar

Den enklaste måten å støtte studentane si læring på er å gi dei skriftleg rettleiing til sjølvstudium. Skriv gjerne spørsmål som studentane kan reflektere over eller drøfte med medstudentar på nett. Canvas har også gode funksjonar som støttar studentaktivitet og -samarbeid.

Video - Opptak av forelesning

Dersom du vil ha ei forelesning med visuell støtte til, kan du lage ein video. Følg denne lenka for å finne meir informasjon om korleis lage video. 

Live nettundervisning

Adobe Connect
Mange ved HVO har erfaring med bruk av Adobe Connect, og kan gjerne bruke det framover. Følg denne lenka for meir informasjon

Zoom
HVO har nyleg kjøpt inn eit anna verktøy, Zoom. Dette er lettare å lære seg, så bruk dette om du ikkje har brukt slike program tidlegare. Følg denne lenka for meir informasjon