Disputas: Eli-Karin Sjåstad Åsebø
Fredag 6. oktober skal Eli-Karin Sjåstad Åsebø forsvare doktorgradsavhandlinga Exploring Contextual Stressors and Coping Strategies in Physical Education. A Case Study Approach.
Eli-Karin Sjåstad Åsebø (44) er høgskulelektor ved Institutt for idrett og friluftsliv i Avdeling for kulturfag på Høgskulen i Volda. Ho har hovudfag i kroppsøvings- og idrettspedagogikk frå Noregs idrettshøgskole (2005). Åsebø har også praktisk-pedagogisk utdanning (2002) og mellomfag (2001) frå Noregs idrettshøgskole, årseining i kroppsøving (2000) og grunnfag i tysk (1999) frå Høgskulen i Volda og har tidlegare jobba som kroppsøvingslærar. Åsebø er i dag fast tilsett som høgskulelektor ved Institutt for idrett og friluftsliv i Avdeling for kulturfag på Høgskulen i Volda.
Avhandlinga hennar for doktorgraden i helse- og sosialfag har tittelen Exploring Contextual Stressors and Coping Strategies in Physical Education. A Case Study Approach. Avhandlinga utforskar korleis ungdomsskuleelevar opplever kroppsøvingsfaget, med særskild vekt på korleis elevane oppfattar stressande faktorar og bruker strategiar for stressmeistring. Funna i avhandlinga framhevar betydninga av gode sosiale relasjonar og av å skape positive, trygge læringsmiljø i kroppsøvingstimane.
Temaet for prøveforelesinga hennar er «Mangfald, inkludering og ekskludering – utfordringar i kroppsøvingsfaget?»
- kl. 10.15: prøveforelesing
- kl. 11.00: pause
- kl. 12:15: disputas
Prøveforelesinga og disputasen går føre seg i Store auditorium i Berte Kanutte-huset (BK161).
Om du ikkje har moglegheit til å delta fysisk, kan du strøyme arrangementet her (direktesending).