Doktordisputas Anita Dyb Linge
Anita Dyb Linge ved Avdeling for samfunnsfag og historie disputerer fredag 3. juni.

Anita Dyb Linge (47) er busett på Linge i Valldal. Ho har ein Master of Public Administration frå Copenhagen Business School frå 2010. Både før, under og etter stipendiatperioden ved Institutt for Sosialfag har ho vore tilsett som Forskings- og utviklingsleiar ved Muritunet. Stipendiatstillinga vart oppretta etter ei løyving frå Møre og Romsdal fylkes høgskulefond. I tillegg blei Linge i mai 2022 tilsett i ei deltids forskarstilling ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda i prosjektet Mandatory Reporting of Intimate Partner Violence.
Kl. 10.15: Prøveforelesning
Tema for prøveforelesninga til Linge er: Er arbeid sunt?
Kl. 12.15: Disputas
Tittelen på avhandlinga er: Self-Efficacy and Work-Related Factors Associated With Return to Work in a Vocational Rehabilitation Programme With a Lifestyle Focus – A Prospective Observational Study.
Sjå prøveforelesning og disputas her frå kl. 10.15.
Avhandlinga er tilgjengeleg for offentleg gjennomsyn på Studentsørvis og i biblioteket.