Semestre
ANFIG161 Figurteikning 1
Ingen.
For english speaking exchange students: Admission for exchange students is based exclusively on portfolio assessment. All exchange students must submit a link to their online portfolio, together with the application documents.
Figurteikning gir ein introduksjon til grunnleggande kunnskap om menneskelege proporsjonar, anatomi, bevegelse og komposisjon i samband med teikning. Emnets hovudmål er å gi studentane kunnskap om, og øving i, å teikne ut frå prinsipp for lineær konstruksjon. Forståinga av lineær konstruksjon legg grunnlaget for at studentane skal kunne behandle meir komplekse problem i Figurteikning 2 og 3. Emnet består av forelesingar og praktiske øvingar med rettleiing.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane vil ha grunnleggande kunnskap om
- teikning av menneskekroppen
- proporsjonar, bevegelse og komposisjon
- korleis menneskekroppen kan reduserast til enkle geometriske former
- korleis teikning kan brukast til å kommunisere
- teoretiske begrep innan teikning
Studentene vil ha grunnleggande ferdigheiter i
- å teikne etter ein aktmodell
- prinsipp for komposisjon, proporsjonar og lineær konstruksjon i teikning
- å nytte teikning for å tolke visuelle opplevingar
Studentane vil
- ha kunnskap om grunnleggande begrep innan teikning
- ha kompetanse til å løyse teikneoppgåver innanfor oppgitte tidsrammer
- ha forbetra teikneevner, som vil hjelpe dei å tileigne seg animasjonsferdigheiter i andre samanhengar
- kunne bruke teikning i praktisk problemløysing
Emnet er organisert rundt praktiske øvingar der studentane teiknar ein aktmodell. Dette vert supplert av ein teoretisk del om grunnleggande kunnskap om anatomi, proporsjoner, bevegelse og komposisjon.
Når studentar teiknar etter ein levande aktmodell, vil tilnærminga vere avhengig av individuelt ferdigheitsnivå og progresjonstempo. Ein lærar vil rettleie dei gjennom deira individuelle problemløysing.
Forelesingar vil bli haldne på norsk, men utanlandske studentar får undervising på engelsk.
Ved slutten av semesteret vel studenten, saman med rettleiar, ut teikneoppgåver som leverast i mappeeksamen.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Studentane må sjølv sørge for å ha følgande grunnleggande verktøy: trekull, knetgummi og fiksativ. I tillegg kan dei trenge blekk, akvarell e.l. Anna naudsynt utstyr blir gitt av skulen.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |