Semestre

BLUBULL1 Barns utvikling, leik og læring 1

Emnekode: 
BLUBULL1
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Målet med emnet er å utvikle forståing for og innsikt i å planleggje og leie barns leike-, lærings- og utviklingsprosessar. Emnet skal gi kompetanse i å fremje barns heilskaplege utvikling i eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, medverknad, samarbeid og dialog. Emnet er dei første 15 studiepoenga av totalt 30 studiepoeng i kunnskapsområdet Barns utvikling, leik og læring. Sentrale tema er barns utvikling, leik og læring på alle alderssteg, leiing av barnegrupper og didaktikk med vekt på observasjon knytt til erfaringar i barnehagen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • grunnleggjande teoriar og forsking om barns utvikling, leik, læring og danning
  • leiken som arena for læring og for å utvikle vennskap med andre barn
  • barns omsorgs-, leike- og læringsbehov med særleg vekt på dei yngste barna
  • korleis ulike språk-, sang- og tradisjonsleikar kan stimulere barns språklæring
  • ulike observasjonsformer
  • didaktikk
Ferdigheiter
  • leie pedagogiske prosessar i barnehagen og leggje til rette for barns læring gjennom leik
  • fremje kreative prosessar med fokus på barns heilskaplege læring og oppleving av meistring
  • leie barnegrupper og ta del i omsorgsfulle og læringsrike opplevingar med barn
  • arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre planleggje, gjennomføre, dokumentere og reflekterer over arbeidet i barnehagen
  • vise grunnleggjande toleranse, interesse og respekt for alle barn sine individuelle  behov
Generell kompetanse
  • nytte varierte arbeidsformer i planlegginga av aktivitetar for barn
  • utøve profesjonelt skjønn gjennom å nytte fagleg kompetanse i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
  • bruke fagleg kompetanse til improvisasjon i leik, læring og formidling
  • analysere og reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytte til pedagogisk arbeid med barns utvikling, leik og læring
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og læringsformer

Arbeidsmåtane i emnet er forelesingar, arbeid individuelt og i gruppe, og gjennomføring av studentpresentasjonar i gruppe. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav.

Praksis

Dette er ein tre veker rettleidd praksis med vekt på leiing av barnegrupper med tema Leik og læring. Studentane skal med særleg vekt på observasjon planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere ein pedagogisk aktivitet for barna i praksisbarnehagen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar. 
  • Eg som leiar: Etter praksis skal studentane, for medstudentar og faglærar, gje ein kort presentasjon av den pedagogiske aktiviteten dei har gjennomført i praksis, og det skal skrivast ei individuell oppgåve basert på erfaringane i praksis. Oppgåva skal vere på2000 ord +/- 10 % (sjå emneplan for praksis). Studenten skal i denne oppgåva leggje vekt på si utvikling som leiar av barnegruppa i barnehagen. Dette er det første av tre arbeidskrav i utdanninga som omhandlar studenten si utvikling som leiar (sjå også emneplan for BLUBULL2 og  LSU).
  • Dei yngste barna i barnehagen: Arbeidet legg vekt på at studenten tileignar seg kunnskap om dei yngste barna i barnehagen og skal munne ut i ein presentasjon i gruppe for medstudentar og faglærar. Til presentasjonen skal følgje logg for arbeidet og eit grunnlagsnotat på om lag 400 ord.
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Bente Ellinor Vatne
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærar - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen.